...

Leiar 24 august 2010

Uhøyrt av Per Sandberg, men ... ?

 

 

 

Per Sandberg. Foto Stortinget

 

Det er sjølvsagt uhøyrt at leiaren i Stortingets justiskomite skal blande seg direkte inn i ei sak der norske borgarar er tiltala i eit anna land. Dette er Regjeringa med sine utøvande organ si oppgåve. Sjølv hugsar eg ikkje nok tilsvarande. Sjølvsagt møter Per Sandberg ilske frå Regjeringa for slikt.

Men kva val har Regjeringa gitt han?

I fleire år har norske borgarar i Brasil vore skulda for alvorlege brotsverk. Verdiar i hundre-millionar-klassen er frosne av brasilianske styremakter. I ei jakt på kvitvaska pengar i den kriminelle B-gjengen i Oslo, har norsk politi uttalt seg så upresistat at deira brasilianske kolleger har funne heimel til å fotfylgje både kjeltringar og ærlege borgarar. Dei siste har tjent pengane på ærleg vis, skatta av dei i Noreg, og overført dei lovleg for å investere i husvære i Brasil.

Politiet toar sine hender og seier at deira informasjon ikkje kan tolkast slik brasilianarene gjer. Men dei synes ikkje det er ei norsk politioppgåve å rydde opp i noko dei hevdar dei ikkje har gjort.

I denne saka, som i fleire andre, står dei raudgrøne og ser på, medan dei uheldige må bruke år av sitt liv for å slåss for sitt, under trugsmål om lang fengselstraff.

Teieplikta er Regjeringa sitt påskot for ikkje å informere justiskomiteens leiar.  Det er eit pervertert standpunkt. Teieplikta skal nyttast til å trygge borgarane, ikkje for å sementere urett.

Ingen skal dømast for sine feil, men for evna til å bøte dei, er Stigmavaktas slagord. Det er mot denne malen eg peikar på regjeringa. Når dei ope ser på at norske borgarar blir utsett for rettstryggleiksbrot i eit framandt land, er det ei plikt å gripe inn. Sterkare står denne plikta når det er norske maktorgan som er årsaka til dei brasilianske åtgjerdene.

Når dei i ei slik sak brukar år på å vri og vende på kva som er korrekt å gjere, er det Per Sandberg som får ut fingeren, og handlar. For dette skal han rosast. Å gjera rett tel meir enn å vera formkorrekt!

I diktet Du må ikke sove av Arnulf Øverland, står strofa; Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv.

Det er nettopp dette Reghjeringa syndar mot når dei ikkje gidd å oppklare ei enkel misforståing. Per Sandberg derimot, han handlar.

Eg blir oppgitt. Dei som kjenner meg, veit at eg truleg ikkje kunne sitja ein halvtime saman med Per Sandberg utan å kome i krangel med han. Eg er så raud at eg med naud og neppe klorer meg fast med ein finger i SVs venstreside. Ved fleire val har eg mista taket og stemt raudt. Likevel må eg gong på gong sjå at det ikkje er mine eigne, men Framstegspartiet som gjer det eg sjølv ville gjort. 

Det er til å bli galen av. Eller som Sigbjørn Obstfelder sa det; jeg tror jeg er havnet på feil klode (fritt etter hugsen).

Stå på Per - Du lyver ei! I alle høve ikkje i denne saka!

***

PS! Eit tverrdepartementalt utval vil skrotesærfrådraget for funksjonshindra. Dette vil påføre særleg funksjonshindra arbeidarar ein skatteauke på fleire titall tusen kroner. Må eg enno ein gong sjå på at det er Framstegspartiet som frontar mi eiga regjerings rasering av velferdsstaten? Tida vil syne det.

Terje Marøy

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no