...

Leiar 25 august 2010

Regjeringa kvitvaska eit menneskerettsbrot

Sommarens heitaste norske sak var bortvisinga av den filippinske kvinna Laila Navrud, gift norsk og med ein norsk ettårig son. Riks- og lokalmedier skapte eit massivt trykk, mange politikarar engasjerte seg. Alle hjarte fryda seg, då Jens Stoltenberg varsla regelendring som skulle sikre at familien fekk bu saman i Noreg. Men grunngjevinga var eit alvorleg politisk feilgrep.

 

 Faksimile vg.no
UTØYA: Jens Stoltenberg slapp nyhetene om at utlendingsloven endres slik at Laila Narud får bli i Norge, under sin tale på AUF-leiren på Utøya. Foto: Scanpix

 

Kvitvasking

Varselet om regelendring er ei kvitvasking av Utlendingsnemda UNEs handtering av saka. Dei har berre fylgt reglane - må vite. Når reglane endrast, vil sjølvsagt UNE fylgje dei nye reglane.

Media og politikarane var nøgde med resultatet. Ingen har teke tak det prinsipielle.

For i denne saka var reglane greie nok. Men UNEs handtering var ei grov krenkjing av ein ettårings rett til trygging av sine menneskerettar. I staden for å tvinge UNE til å gjera om vedtaket etter gjeldande reglar, endrast reglane. Dermed slepp UNE unna menneskerettsbrotet sitt. Dei blir ikkje korrigert i høve til feil praksis.

 

Utlendingslova

Utlendingslova er kan hende for streng og kanhende uklar. Det kan sikkert vera rom for betring. Men UNE er eit forvaltingsorgan som ikkje berre skal fylgje eit enkelt og trongt regelverk. Alle saker, innafor alle forvaltingsområde, skal avgjerast etter ei heilskapsvurdering. Ein lov med forskrifter viser veg. Men sakshandteringa skal sikre at ikkje andre og tyngre reglar blir brotne.

Ein ett-åring har vern etter menneskerettslova og barnekonvensjonen. Desse seier at barnets beste er barnets rett. Eit norsk barn har rett til samvær med begge sine foreldre.  Då skal det svært sterke grunnar til å ta denne retten frå barnet.

Det var nett det som hende då UNE vedtok utvisning av mora.

 

Lovbrot

Sjølvsagt fins unntak. Ved alvorlege kriminelle lovbrot kan ikkje einperson be seg friteken frå fengsling fordi han/ho har små born. I Laila Navruds sak var det ikkje snakk om eit medvite lovbrot. Som andre maktorgan hadde ho ikkje forstått rekkjevidda av ein kode i arbeidsløyvet sitt. Regelbrotet ligg så lågt at det ikkje kvalifiserer til straff. 

Då er det ein overreaksjon å bruke dette som påskott til å skilje mor og barn. Det er ikkje samsvar mellom handlinga og samfunnets reaksjon, eit prinsipp som er sjølve fundamentet for rettstatens eksistens.

Det var her at UNE gjekk seg vill, som i fleire andre saker med born involvert.

 

UNEs leiar Terje Skjeggestad ...

... fnys av kritikken i saka. Den varsla regelendringa gjev han grunnlag for sitt hovmod. Men rett politisk handtverk ville vera å gi han ei skrape for handlemåten til sine undergjevne tenestemenn og kvinner. Det er justisdepartementets plikt. Det er eit leiarproblem om Skjeggestad godtar menneskerettsbrot innanfor sitt ansvarsområde.

Rett skal vera rett. Overgrepet starta i UDI under leiing av direktør Ida Børresen. Men ho held ein lågare medieprofil enn Skjeggestad, utan at det er formildande korkje i denne eller liknande saker.

 

Feil ressursbruk

Eg skal ikkje gå mykje inn på ressursbruken. Men her har UDI og UNE brukt store ressursar på ei ikkjesak. Mora har sjølvstendig rett til å bu i landet gjennom sitt ekteskap. Sonen har rett til å vera saman med mora etter overordna menneskerett. Heile saka var altså å finne ein byråkratisk grunn til å skilje familien, til skade for alle, og utan fordel for nokon.

Saka er og eit døme på embetsstyring, der embetsverket tek seg til rette etter eige hovud, med sviktane dømekraft - og kan hende dårlege haldningar og fordomar. Slik tener den som ei åtvaring for både politikarar og oss andre.

Terje Marøy

 

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no