...

Fleire lovbrot mot familien Navrud

Utlendigsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) har brote norsk og internasjonal lov i si handsaming av Laila Navruds sak om opphaldsløyve. Eigentleg er det snakk om to saker. Sonen kan truleg saksøkje Staten ved Justisdepartmentet for det rettstapet UDI-/UNE-vedtaka påfører han.

 Av Terje Marøy

 

 Faksimile fra Bygdeposten.no

Justisministeren bryter ikke inn

Modum Justisminister Knut Storberget kan ikke bryte inn i UNEs saksbehandling. Les mer

 

Ole Kristian og Laila Navrud er i sommar hovedpersonane i ei utvisingssak der UDI og UNE etter Stigmavaktas oppfatning har utsett dei for grove rettsbrot. Det uroar og at  politikarar nær samrøystes tek til orde for regelendringar. Her er det ikkje i fyrste rekkje reglane som er feil, men mangel på oversyn hjå dei som greier ut saka. At UDI og UNE ikkje har eit system for kvalitetssikring av  vedtak, avdekker ein strukturell mangel. Det er eit leiaransvar.

Eigentleger det snakk om to saker, der gjennomslag i den eine vil løyse problemet i den andre.

 

Regelverket

Ingen offentleg instans, på noko område,  kan forsvare eit vedtak med at dette eller hint ligg innanfor regelverket dei skal arbeide etter. For det finst ikkje berre eitt regelverk som regulerer saker av fundamental karakter for einskildpersonar.

Eit gjennomregulert samfunn har ei mengd ulike reglar. Stundom kryssar dei kvarandre. Då skal klok forvalting sjå til at dei tyngste reglane får den forkjørsretten som Stortinget har meint dei skal ha.

Sagt annleis. Menneskerettslova står over andre lover i dette landet. UDI og UNE har ikkje rett til å bryte eit menneske sinemenneskerettar utan svært tungvegande grunnar. Både den Europeiske menneskerettskonvensjonen og FNs barnekonvensjon er ein del av norske lov, og dei står over andre delar av lovverket.

Overfor Navrud-familien er dessa rettane brotne..

 

Laila Navrud

Bygdeposten i Modum og andre medier konsentrerer seg om Laila Navrud. Ein kode i arbeidsløyvet hennar blei brote då ho tok seg anna arbeid enn au pair. Kontakt med ulike institusjonar gav inntrykk av at ho ikkje gjorde noko gale då ho skifta arbeid.

Stigmavakta vil nøye seg med å påpeike at det er ein systemsvikt når avgrensningar i eit offentleg dokument brukar kodar i staden for å skrive avgrensinga i klårtekst.

Der vil Staten kunne hevde at familien har eit sjølvstendig ansvar for å setje seg inn i avgrensningane. Men det er ikkje her eg fyrst og fremst vil kritisere UDI og UNE.

Derimot dette: Heile vårt juridiske system er bygd på proporsjonalitet. Det skal vera samsvar mellom handling og konsekvens. Står hennar regelbrot i rimeleg forhold til eit utvisningsvedtak, der ho må skiljast frå familien? Ei samla vurdering gir eit klart nei på det spørsmålet.

Då Laila Navrud gifte seg og fekk barn, vart heile hennar sivile status og tilknytning til Noreg endra. Den nye situasjonen gir byråkratiet plikt til å vurdere saka med eit anna grunnlag for samla vurdering enn ho hadde då ho kom.

I utgangspunktet fekk ho rettskrav på opphald då ho gifte seg norsk. Prosedyrespørsmål endrar ikkje dette. Rettskravet blei styrka av at ho og er mor til ein norsk statsborgar som vil vera barn med sjølvstendige barnerettar til han er 18 år.

UDI og UNE kan ikkje ta frå ho dette rettsvernet. Heile saka dreier seg difor om å utsetje retten hennar. Å bruke ressursar på å hindre gjennomføring av ein rett i to år, tykkjest meiningslaust for folk flest. Men det er og ulovleg etter andre og tyngre rettsreglar enn utlendingslova med forskrifter.

Regelbrotet ligg dessutan innanfor definert politisk målsetting. Innvandrarar skal integrerast i samfunnet. Beste integrering både personleg, familie- og samfunnsøkonomisk er på skaffe seg eit levebrød. Au pair-ordninga gjev ikkje noko bidrag til samfunnsbygginga, ordinært arbeid gjer det. Slik sett er det dårleg handverk å møte dei mildaste regelbrota med dei sterkaste sanksjonane.

Sonen er eit sjølvstendig rettssubjekt. Men hans rettar skal vera dei sentrale når UDI og UNE byggjer si samla vurdering kring mora sitt opphaldsløyve.


Sonen 

Ekteparets smågut er ikkje eit vedheng til foreldra. Ved fødesel blei han verna av ei lang rekkje reglar, som:

"Alle mennesker er født frie og med samme menneskeverd og menneskerettigheter."

Denne artikkel 1 i FNs menneskerettserklæring er ikkje noko ein arbeider seg fram til. Rettane er våre frå fødsel til død. Denne regelen er nedfelt i andre konvensjonar som og er ein del av norsk lov. Den viktigaste her er Fns barnekonvensjon som blei norsk lov i 2001.

 

Artikkel 3

Barnekonvensjonen slår fast at barnets beste er barnets rett, både menneskeleg, etisk og juridisk. Det fylgjer direkte av lovteksta i artikkel 3:

"Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best."

UDI-/UNE har så langt ikkje grunngjeve kvifor dei meinar at moras lovbrot skal fråta sonen rett til å vekse opp i eit opplyst demokrati med gode velferdsordningar, og skilt frå sin eine av to omsorgspersonar. Eg ser ikkje noko i saka som tyder på at det for nett denne guten, ein norsk statsborgar, skal vera betre å vekse opp i eit U-land enn å få vekse opp i landet der han høyrer til, og der han truleg vil vekse opp når saka er kverna ferdig.

 

Artikkel 4

I artikkel 4 står skrive: "Det er staten sitt ansvar å setje barnerettane ut i livet."

Dermed er det og Staten som må svare for skadene eit slikt vedtak påfører sonen. Justsisdepartementet er rette instans  for gutens rettskrav, sidan han er norsk borgar og såleis i utgangspunktet ikkje kan omfattast av sanksjonar mot mora.

 

Artikkel 9:

"Barnet skal ikkje skiljast frå foreldra sine mot eigen vilje, unnteke når dette er nødvendig av omsyn til kva som gagnar barnet best."

Rett til samvær med foreldre er ein av dei tyngste rettane i eit barns liv. Det er heilt urimeleg, i ei samla vurdering, å hevda at det gagnar barnets beste å bli skilt frå ein omsorgsperson og frakta mot sin vilje til eit u-land, som han berre skal bu i til formalia er i orden om eit par år. Her har UDI og UNE ikkje synt evne til heilskapstenking, og deira samla vurdering står fagleg og rettsleg svært svakt.

 

Artikkel 10

"Søknader om å sameine att familiar over landegrenser skal handsamast på ein positiv, human og rask måte. Barnet har rett til regelmessig kontakt med begge foreldra."

Denne regelen skal styrke barnets vern etter artikkel 9.

Er det ein positiv, human og rask måte å sende barnet og mora til Filippinene for å setje i gang ein formalistisk og langdryg prosess, der utfallet ikkje kan bli anna enn at familien kan samlast att om to år?

Svaret gir seg sjølv

 

Ressursar

Utlendingsstyremaktene som andre skrik om små ressursar når ting ikkje kan løysast i ei hanvending. I Navrud-sakene er det ikkje mangel på ressursar, men mangel på klokskap som er problemet.

Tilsvarande har vi sett i fleire saker der barns rettar blir overkøyrde.

Det er misbruk av interne ressursar når dei ikkje klarer å skjæra gjennom formaloprosedyre i saker der sluttløysinga er opplagt. Det er misbruk av rettsressurasr å tvinge folk til domstolane for å prøve saker der sluttutfallet er gitt, uansett om UDI eller UNE skulle få medhald eller ikkje. Om ein domstol skulle finne ut at utlendingslov med forskrift står over menneskerettslova nett i denne saka, vil ikkje domen kunne hindre sameining av familien ein stad der framme, i 2012-13.

Men slik formalisme er til stor skade for dei som råkast.

 

Råd

Mitt råd i denne saka er slik:

Skil ut Laila Navrud og sonen i to sjølvstendige saker. Taper foreldra rett i høve til brot på arbeidsløyvet, vil sonen opplagt vinne fram med sin rett til å vera saman med mor og far i Norge.

Domstolane skal og døme ut frå ei "samla vurdering". Slik sett kan eg ikkje sjå nokon grunn til at ikkje sonens rettskrav skal stå over andre omsyn.

Og dermed skulle begge sakene, som ikkje skulle vore prosess-saker i utgangspunktet, finne ei tilfredsstillande praktisk løysing.

Og det kan skje innanfor dei reglane vi alt har i Norge.

***

 

 

 

 
...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no