...

Leiar 18. juni 2010

Respektlaust av regjeringa

 

 

MOTTAR MEDALJE: Generalinspektøren fra Hæren, generalmajor Per Sverre Opedal, deler ut Forsvarets operasjonsmedalje til soldatene fra Provincial Reconstruction Team (PRT) 14. Foto Torbjørn Kjosvold - Forsvarets mediesenter

300 Afghanistan-soldatar fekk nyss deltakarmedalje for innsatsen sin i Afghanistan. Medan opposisjonen på Stortinget møtte mannsterke fram for å heidre soldatane, valde regjeringa å halde seg borte.

Det er respektlaust.

Regjeringa er arbeidsgjevar og sender soldatane ut i ein krig som utviklar seg alt anna enn godt. Dette halvåret har vore det mest krevjande så langt, med tap av liv og skader på norske soldatar.

Når oppdraget er krig, der unge  menn og kvinner blir oppmoda til å gi av seg sjølv, i verste fall den høgste prisen - sitt eige liv, er det illojalt ikkje å ta dei vel i mot når dei vender heim.

Norske medier har i sterke ordelag fordømt dette. Sterkast kan hende Hanne Skartveit i VG. Eg sluttar meg til denne kritikken.

 


Utakknemlige politikere

Soldater som våger livet i Afghanistan, fortjener politikere som viser dem respekt og takknemlighet. I stedet har vi rødgrønne politikere som i beste fall er lunkne til soldatenes innsats. Det er en skam.

 VG 18.6.2010 politisk redaktør Hanne Skartveit

 

Best i klassa

Når det kjem til internasjonal solidaritet, Nato og FN ynskjer Norge å stå fram som ei stormakt, med hjartet på rette staden. Med pæeng på bok, tek vi og dei store rekningane, og haustar godord for det i dei gode selskap.

Få er ikkje dei bankettane der vi kan slå oss på brystet, lik hin farisear, som kunne skryte på seg kor framifrå kar han var. Men kanapeane er det ikkje soldatane som får, dei er det politikarar, framståande embetsmenn og kvinner, ein og annan general og diplomatar som får meske seg med.

Ikkje eingong nederst ved bordet er det plass til ein soldat.

 

Likar ikkje

Når soldatenane kjem heim, skal dei helst ikkje sjåast, eller som Valgjerd Svarstad Haugland så fint sa det i ei anna regjering. "Eg likar ikkje bomber eg". Nei politikarane er seg sjølv like. Dei sender bombene i veg, og mannskap som skal fylgje dei opp på bakken, men det er lettast å vende ryggen til når soldatane kjem heim.

Denne gongen var det ikkje Kristeleg Folkeparti som svikta, men dei to partia SV og Senterpartiet, og sjølve regjeringa.

 

Sviket

Sviket er likevel ikkje fråværet på ein glansa medaljedag. Sviket ligg i det daglege, der soldatar må slite åleine med fysiske og psykiske krigsskader. Eit likesælt maktapparat gjev nærast soldatane sjølve skulda for krigsskadene sine. "Du drog då frivillig", har vore matraet som hindrar kompensasjon for tap av helse og arbeidskraft.

Sviket ligg i manglande medisinsk oppfylgjing.

Sviket ligg i ikkje å ta soldatane sin tarv på alvor.

 

Eit mønster

Før jul la vetaranorganisasjonen SIOPS fram levekårsundersøkjinga om norske soldatar. Den var stusseleg lesing. Mange hadde det ilt, og eit byråkratisert ettervern sakna både innhald og respekt.

Når du skal i krig for Stortinget og Regjeringa er det svikefullt og respektlaust av dei å vende deg ryggen når du treng dei ved sida di.

Også på den tilstelninga glimra regjeringa med sitt fråver. Det gjorde og forsvarsleiinga. Det seiest at Napoleon gjerne kunne sende tusenvis i dauden, men han sakna mot til å sjå den einskilde soldat i augo. Norske generalar kan gjerne skryte og bruke store ord i media, men eg ser ikkje at dei er barrikadestormarar for sine undergjevne menn og kvinner som slit i kvardagen.

Ute av syne - ute av sinn, har alt for lenge vore rettesnora i soldatvernet. Og når styremaktene omsider kjem med ei erstatningsordning for krigsskadde, presterer dei å diskriminere mellom skadde. Datostemplinga på skaden og ikkje skadens omfang skal avgjera kva pris regjeringa set på eit soldatliv.

 

Debatt

Etter ni års krig etterspør folk ein debatt om Afghanistan. Den må førast på alle plan, både soldatvern, strategi og mål. Men her blandar og VG korta.

Dei set likskap mellom kritikk av krigføringa og svik mot soldattar. Ein lyt ha to tankar i hovudet samstundes. Senterpartiets parlamentariske leiar Trygve Vedum blir nær hudfletta fordi han etterlyser ei ærleg grunngjeving for krigen.

VG har heile tida våre mellom våre mest krigskåte redaksjonar. Men frå fyrste dag har denne krigen blitt framstelt med manglande grunngjeving, etter kvart endra grunngjeving og heile tida med tvilsam strategi. Den krigsfaglege debatten har vore fråverande.

Dette er forsvarsleiinga og styresmaktene sitt sams ansvar. Krigen i Afghanistan er slett ikkje den "feitaste jobben i Forsvaret i dag", som overivrige krigspredikantar fortel unge soldatar i førstegangstjeneste.

Denne krigen er eit veksande helvete på jord, der dei vanskelege spørsmåla må leggjast ærleg fram for dei som skal risikere livet for norsk utanrikspolitikk.

Difor bør både VG og styresmaktene ta opp hansken frå Vedum, og syte for at krigsdebatten blir ført innafor ærlege og realistiske rammer.

Terje Marøy

 

 

 

 

 

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no