...

Leiar 31 august 2010

Solidaritet på vidvanke

I motvind får ein i alle høve føna håret. I går fekk likestillings og diskrimineringsombod (LDO) Sunniva Ørstavik dessutan vinden frå alle kantar. Mykje av kritikken syner manglande forståing for heilskapen i arbeidet hennar.

 

 http://www.ldo.no/Global/bilder/Sunniva/Sunniva_2248.jpg

 Foto: CF Wesenberg

 

Denne gongen kom kritikken frå høgst ulikt hald, og med ulik vinkling. Pressa og LO kritiserte henne fordi LDO siste året har hatt ei overvekt av klagesaker frå funksjonshindra. Dei vil ha eit målretta fokus på kjønnslikestilling og kjønnsdiskriminering.

Høgre og Framstegspartiet kritiserer henne for manglande gjennomslagskraft, og fordi ho syns for mykje på politikaranes bord. Med all respekt. Politikarar har alltid hatt ein tendens til omnipotens, dei veit best sjølv. Ei viktig oppgåve er å peike på politiske løysingar og vedtak som er lovstr4idige. Det vil gi grunnlag for å endre til kolkare vedtak, eller politikarane må medvitandegjere lovunntak for sine diskriminerande ynskje.

Hijab-saka er ei slik sak. Isolert sett er ho diskriminerande, men politikarane kan vedta at slik diskriminering  er underordna omsynet til at politifolk skal framstå nøytrale overfor allmenta.

I beste fall kan ein seie at kritikarane som uttalte seg, syner at dei sjølve manglar heilskapstenking om eit så alvorleg tema som likestilling og diskriminering; to element som har flytande grense, og difor grip sterkt inn i ein annan. I verste fall handlar kritikken om manglande evne til å å syne solidaritet med andre enn si eiga gruppe.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) reagerte lynkjapt og fekk på plass nokre balanserende kommentarer seinere på kvelden.

Det er ikke motstrid mellom kjønnslikestilling og andre diskrimineringsgrunnlag.  Tvertimot, det ligg større fare i å setje diskrimineringsgrunnlag i skilde båsar, framfor å ha eit organ med oversyn over heilskapen.

 

LOs nestleiar ...

... Gerd Kristiansen presiserer i dag synet sitt. Ho vil skilje ut kjønnslikestilling i eit eige ombud, og samla anna diskriminering i eit anna. Kan hende har eit slikt grep noko for seg, men det fins innvendingar.

  • Eit tyngre byråkrati med oppbygging av to ulike fagmiljø innanfor overlappande tema.
  • Fleire instansar å manøvrere seg i for dei som slit med diskriminering.

 

Lov endrar åtferd

Kvinnekampen har pågått i meir 150 år, og framleis er kvinner eit kamptema i mange offentlege samanhangar. Fleire tiår gjekk før dei i 1913 fekk stemmerett, og dermed ein rotfesta politisk plattform for kampen. Første kvinne, Karen Platou, tok sete i Stortinget i 1922, for berre 88 år sidan. Sidan kom fleire lovreformer. Odelslovas kvinnediskriminering fall ikkje før på 1960-talet, etter mykje motstand, ikkje minst frå mannsdominerte bondenettverk. Kyrkja fekk sin fyrste prest, 114 år etter at mi tipp-tipp-oldemor som fyrste kvinne framførte ei bøn i Avaldsnes kyrkje, (truleg over temaet "Herren gav, Herren tok, Herrens navn være lovet". Ho mista ektefelle og to born i pest på ei natt). Å nemne Gud som Herre og Fader syner vel og kor rotfest kjønnsskilnaden har vore i vår kulturkrins). Utover 70-80-90-og 00-talet har vi opplevd at kvinnerett har blitt styrka, ikkje berre i lov og forskrift, men og i haldningar.

Og slik er det gjerne. Haldningar let seg ikkje endre gjennom oppmoding til god åtferd. Lov tvingar fram åtferdsendring, som etter eit bel også endra haldningar.

Slik har kvinnekampen ført oss så langt gjennom meir enn 150 år, at no handlar likestilling like mykje om å verne det man har fått til, som å bryte ny mark. For tilkjempa goder er det alltid einkvan som vil ta bort. Slik og i kvinnekampen.

Funksjonshindra er i dag på mange område verre stilt enn kvinner for 150 år sidan. Medan kvinner har opplevd omfattande lovreformer dei siste 100 åra, fekk funksjonshindra sin lov mot diskriminering så seint som i fjor.

Å setja kvinners likestilling i dag framom funksjonshindras kamp for grunnleggjandemenneskerettar, blir både ei hån mot funksjonshindra og ei skam for kvinnesaka. Skilnaden i diskrimineringsgrunnlag er hinsides samanlikning.

Spør ei funksjonshindra kvinne: Ho har dei same utfordringane til kjønnslikestilling som andre kvinner. Men barrierene ho må overvinne for å delta i samfunnet ligg på eit heilt anna plan. "Eg har aldri opplevd å bli diskriminert som kvinne. Som funksjonshindra møter eg diskriminering kvar einaste dag," seier Vibeke M. Melstrøm, ei av dei fem som utvikla Borgarstyrt Personleg Assistanse (BPA) i Noreg gjennom det ideelle (ikkje-kommersielle) samlaget ULOBA. Velferdssamfunnet kunne tilby henne seng i ein institusjon, med varsel om tidleg død. Ho måtte sjølv slåss for dei endringane som ikkje berre fekk henne opp av senga, men som og har sikra henne arbeiid og utsikt til eit lengre liv. No er ho dagleg leiar for ei verksemd med nær 5000 tilsette.

Det er mogeleg å støtte den eine kampen utan å vende seg mot dei som står i den andre. Grunnlaget for forståing ligg i respekt for at alle er født frie, med same menneskeverd og samme menneskerett; (FNn menneskerettserklæring).

Eg skal ikkje dra den historiske kampen her.

 

Kjønn vs funksjonshindring

Sjølv eit stokk konservativt USA fekk si diskrimineringsforbodslov i 1991, medan skiftande norske regjeringar ikkje evna å forby diskriminering av funksjonshindra før i januar 2009. Begge lovene kom lenge etter at kvinner fekk sine lovar på plass. Mot ein slik bakgrunn skulle det berre mangle at det ikkje kom fleire klagesaker frå funksjonshindra enn kvinner i 2009.

Det er eit faktum at vi som bygde velferdsstaten, der fagrørsla har stor ære, har bygd ein velferdsstat med stort innslag av apartheid. Dei som ikkje vedkjenner seg eit slikt faktum, har rett og slett ikkje sett seg om i det samfunnet dei er ein del av.

LDO er organet som kan opne augo for dei syndene vi som bygde landet er skuldig i. Vi mentalt og fysisk priviligerte tilpassa velferdsstaten til oss sjølve og fann løysingar for oss sjølve. Vankunne må ta skulda. No er kunnskap om desse tilhøva på plass. Både LO og politiske kommentatorar må akte seg, slik at dei ikkje i sin kamp for kjønnslikestilling går mot dei som treng solidariteten betre.

  • Årets tariffkamp sto om kvinneløn, for dei som har arbeid. Funksjonshindra kvinner slit med å få sin fyrste jobb. 90.000 arbeidsføre funksjonshindra er utestengt frå eit diskriminerande arbeidsliv. For meg som livslangt fagforeningsmenneske var det sårt å sjå at LO ikkje hadde ein einaste parole om funksjonshindra på 1. mai. Desse som står nederst ved bordet, var det berre Siv Jensen som såg i sin tale. Eg skjemdest av min eigen flokk - den dagen.
  • Funksjonshindra kan ikkje velgje utdanning fritt, mange lærestader er framleis utilgjengelege.
  • Funksjonshindra som kan få arbeid, må seie han frå seg. 50 år etter at  Rosa Parks med sin protest vekte borgarrettsrørsla i USA, kjem ikkje ein gong norske funksjonshindra arbeidsfolk inn på bussen.
  • Mange funksjonshindra arbeidarar må investere stort av eigne midlar for å overvinne det utilgjengelege samfunnet når dei tek seg jobb, ofte utgifter mellom 50 og 100 tusen kroner. Fleire LO-forbund har gått inn for å skjerpe skatten med 20-50.000 kroner for for desse arbeidarane, medan dei mest felte si eiga regjering då denne ville justere litt på sjukelønsordninga for folk utan slike utfordringar.
  • Medan studerande kvinner får borna sine i studentbarnehage, opplever vi at juridisk fakultet i Oslo har nekta ei kvinne med ei funksjonsnedsetjing tilpassa eksamen.
Eg skal ikkje dra alle diskrimineringsgrunnlaga her. Ørstavik og hennar juridiske stab har den oppgåva. For meg er det avgjerande at ho har grep om heilskapen. Set ein grunnleggjande verdiar i  skilde båsar, risikerer ein at ei god sak slær ei anna i hel. Den tradisjonen er ikkje verd å føre vidare.

 

Likestilling handlar ...

... ikkje berre om kjønn, men at folk skal vera likestilt i eit inkluderande samfunn. Det hjelper lite om norske kvinner er inne, om innvandrarkvinner står utanfor. Dert hjelper lite om fleirtalet er inkludert, om mindretalet er utestengd. Graden av sivilisasjon i samfunnet vårt, speglast av evna til å likestille dei som er litt annleis enn oss sjølv. Funksjonsnedsetjing er ikkje anna  enn ein ulikskap som alle vil kjenne på i delar av livet. Vi er alle født svake, og vi døyr svekka. Mellom dei ytterpunkta handlar det om å leve livet etter beste evne, enten du har brote beinet, slit med tvillingsvogn og fire handleposer i blokk utan heis, eller har ei varig funksjonsnedsetjing.

Dei tiltaka som inkluderer funksjonshindra, eksluderer ingen. Difor oppmoder eg fagrørsla, pressa og politikarar til både å setje seg inn i heilskapen, og fokusere på den framfor snevre særinteresser. Ein måte å tenkje heilskap på står i Frihetsmanifest, som er på sakskartet i fleire kommunar. Slik tenkjing grip utfordringar i staden for å sementere skilnader.

 

Inkje godt ...

... kjem rekande av seg sjølv.

  • Martin Luther King: Vi veit av smerteleg erfaring at undertrykkarar aldri frivillig gir fridom til nokon. Det er dei undertrykte sjølv som må kreve fridomen.
  • John McKnight: Ei av vår tids største misforståingar er at velferdssystemet kan produsere omsorg. Det dei då gjer, er å setje kjærleikens maske på maktas andlet.
  • Justin Dart: Samfunnets og regjeringens fremste, legitime og einaste oppgåve er ikkje å styre over folket og gi borgarane eit godt liv. Nei, dei styrande skal myndiggjere folket, heile folket, slik at alle kan styre seg sjølv og skape eit godt liv både for seg sjølv og sine medmennesker. Dette er folkestyre, styrt av folket, for folket, for heile folket.

I dette perpektivet er Ørstavik og hennar stab vårt reidskap. Ho er verktøyet som skal hjelpe undertrykte og diskriminerte i sin frigjeringskamp. Spin off blir eit betre samfunn for oss alle.

 

Epilog

Mange hevdar at eit inkluderande samfunn er dyrt. Men alle utgifter har også sine balansepunkt. Full barnehagedekning er dyrt, men inntektstapet ved å halde halve folket utanfor arbeidslivet er større. Eit inkluderande samfunn kostar, men å ha 90.000 funksjonshindra arbeidsføre på trygd er og dyrt.

12K-samarbeidet mellom kommunar i Vestfold brukar einsidige reknestykke for å hindre borgar/brukarstyrt personleg assistanse til funksjonshindra (BPA). Kommunenes Sentralforbund går og mot sjølvstyrt fridom for funksjonshindra. Dei nemner ikkje at ein firedel av dei som har slik assistanse i dag, har lukkast i å skaffe seg arbeid (ECON). Skatteinngang og spart uføretrygd har dei heller ikkje brydd seg med å nemne. I eit 50-årslag sist januar, var det fem funksjonshindra, som alle var i arbeid, og som alle ville vore kvalifisert til full uføretrygd.

Spart trygd og betalt skatt for desse fem var 2,4 millionar 2008-kroner per år, 24 millionar på ti år. Dette er element som 12K og andre offentlege instansar ikkje nemner i sine høyringssvar om BPA.

Terje Marøy

*** 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no