...

Leiar 16 september 2010

  • Mangelfull grunngjeving for deportasjon av serberar

Frå ytterste høgre til langt ut på venstresida, frå dei fleste medie-kommentarar og langt inn i humanitære organisasjonar, har dei vore samrøystes denne veka: Når asylavslag er gjeve, må asylantane ut. Men dei profesjonelle aktørane hoppar bukk over det som fleire lekfolk er uroa over. Desse menneska blir ikkje sendt heim, men til eit tredjeland dei ikkje er ein del av.

Av Terje Marøy

 

 Faksimile nrk.no, 14.09.2010

Amnesty aksepterer utkastelser

John Peder Egenæs, (Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix)

Amnestys generalsekretær John Peder Egenæs forsvarer

myndighetenes rett til å aksjonere.

Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix

 

Eg har ikkje sett meg inn i denne saka. Difor kan eg korkje påstå det eine eller andre om sakshandteringa før deportasjonen av kosovoserberane denne veka. Men i det samrøystes koret, saknar eg ei realpolitisk problematisering.

 

Dobbeltrensa

I samband med fredstingingane på slutten av 90-talet, vedtokk OSSE å setje ut ein politistyrke for å sikre dei ulike partane i eit Kosovo som var i ferd med å havne i ein blodig borgarkrig. Vestenombestemte seg. I staden for fredstingingar ville vi tvinge Kosovo i kne. Vi trekte ut politistyrken før utplasseringa var fullført. I staden bomba vi det som rørte seg og vel så det, både i Kosovo og Serbia.

I ly av bomberegnet gjennomførte serbiske styresmakter og ymse partisangruppe ei etnisk rensing som saknar sidestykke etter siste verdskrig. Kosovo-albanarar vart massakrerte i tusental, og bortimot ein million menneske vart drivne på flukt. Slobodan Milosevic nytta same taktikk som israelske grupper nytta seg av eit halvt århundre tidlegare, der massakrar og etnisk rensing gav rom for jødiske innvandrarar etter holocaust.

NATO vann bombekrigen og sette inn bakkestyrkar. Dermed opna vi for kosovoalbansk blodhevn, der serbarar måtte flykte for livet. Framleis er det slik at det er livsfårleg for ein serbar å gå gatelangs i hovudstaden Pristina. Den serbiske folkegruppa bur no i avstengde område, der Kosovo-styrken si hovudoppgåve no er å sikre serbiske sivile mot vilkårlege avrettingar.

Utviklinga i Kosovo og Israel er gode døme på at det ikkje er anna skilnad på overgripar og offer, enn spørsmålet om kven som har makta.

 

Krav på vern

Det er ingen tvil om at dei deporterte denne veka har eit krav på vern. Dei blir trakassert og utsett for diskriminering og trugsmål mot liv og helse i heimlandet Kosovo. Norske styresmakter er heller ikkje i tvil om at dei ikkje kunne sendast heim til Kosovo.

I staden blir dei sendt til eit tredjeland, eit fattig land utan ressurasr til same integrering som vi har her til lands.

Det blir feil når korkje styresmaktene, partia eller organisasjonane drøftar denne dimensjonen når dei samrøystes stør deportasjonane.

 

Eit døme

Sidan eg har trekt parallell til mistaka vi gjorde på 40-talet, skal eg gi eit døme i same gate. Eg tvilar på at jødar kan føle seg trygge i dagens Iran. Eg trur at og norske styremakter ville godta at ein jødisk asylsøkjar frå Iran ikkjje kunne sendast attende dit.

Men han ville kanhende vera i Norge, fordi menneskerettane her står høgre i hevd enn Israel der ein stor del av folkegruppa hans er samla. Frå min ståstad skulle denne jøden ha rett til opphald i Norge, i stadebn for å sendast til eit framandt land som han ikkje er ein del av.

Serberane våre er sendt til eit område med etnisk serbisk dominans, men som like fullt er eit tredjeland i dag. Det ligg eit ekstra ansvar på Norge som er blant dei landa som støtta lausrivinga av Kosovo, og dermed omgjorde dette til eit land der serberar vil vera i stor fare langt ut i vårt nye århundre.

 

Mangel

Utan at denne dimensjonen kjem fram i ordskiftet, er det liten grunn til å forsvare deportasjonane, korkje fagleg eller politisk. I slike saker er det ikkje altid slik at dei mange har rett, medan den drapstruga har feil. Ordskiftet lir av ein mangel.

 

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no