...

Skatteunndragelsar tek liv


Fattige land tapar årleg milliardar av skattekroner på at multinasjonale selskap flyttar profitten til skatteparadis. Internasjonale børsar kan spela ei viktig rolle for meir openheit om kapitalstraumane ut av fattige land.

Av Atle Sommerfeldt, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp

 


Atle Sommerfelt, her fra sitt besøk i Haiti like etter skjelvet. (Foto: Arne Grieg Riisnæs/Kirkens Nødhjelp)

 

 

Norge - framleis best i klassen?
Me vel å sjå på oss sjølve som eit føregangsland når det gjeld openheit og samfunnsansvarlege investeringar. Det er brei politisk semje, og til tider ogso ein ikkje uvesentleg stoltheit, om det etiske arbeidet til Statens Pensjonsfond Det same gjeld kampen mot fattigdom og skatteunndragelse. Men me er i ferd med å henga etter internasjonalt. Det kan me ikkje vera bekjent av.

Rekneskap og børsar
Den internasjonale stiftinga IASB utviklar og definerar den viktigaste standarden for rekneskapsføring og revisjonspraksis internasjonalt. Det IASB måtta koma opp med av krav og standardar for reviderte årsrapportar, har stor betyding for tilgangen til informasjon. Det gjeld for både investorar, styresmakter og folk flest.
President Obama gjekk nyleg inn for ei lov som pålegg alle olje-, gass- og gruveselskap på børsen i New York å offentleggjera alle sine betalingar av skatt for kvart land dei opererar. USA fylgde dermed etter Hong Kong børsen, som innførte tilsvarande regulering i mai i år.
Regjeringa nølar
Etter fleire års tids press frå bistandsorganisasjonar og ein høyringsrunde som nyleg vart avslutta sit no IASB og vurderar om dei skal innføra ein ny standard for sokalla "land-for-land rapportering" i utvinningsindustrien.
Ein standard etter sivilsamfunnet sine krav betyr kort fortalt at alle selskap vert pålagt å offentleggjera relevante rekneskapsdata for kvart land dei opererar i. Per i dag er det opp til kvart einskild selskap å avgjera detaljnivået for denne informasjonen.
At mange, særleg institusjonelle, investorar som KLP, Storebrand og Noregs Bank er tilhengarar av meir informasjon er neppe overraskande. Dei har ogso alle støtta sivilsamfunnet sine krav inn mot IASB.
Det er derimot skuffande at både Statoil og Norsk Regnskapstiftelse (vårt nasjonale IASB) er skeptiske til nye standardar, men ikkje desto mindre interessant at dei begge peikar på at dette høyrer meir heime under børsregulering. Med andre ord at Norge bør gjera som Hong Kong og USA og innføra slik land for land rapportering på Oslo Børs. Mest skuffande er det likevel at Finansdepartementet ikkje har klart å ta stilling til dette enno. Det er visstnok for vanskeleg å ta stiling til dette konkrete framlegget, trass i at det samsvarar fullt ut med viktige målsetjingar i norsk utviklingspolitikk: Å bidra til at fattige land styrkar evna si til nasjonal ressursmobilisering gjennom skattlegging.


Skatteunndragelsar tek liv
Kvifor er dette viktig for Kirkens Nødhjelp som er oppteken av dei fattige i verda? Fordi det er dei fattige borgarane i utviklingsland som er dei store taparane. Christian Aid , den britiske systerorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp, estimerar i sin rapport "Death, toll and taxes" (2008) at utviklingsland tapar so mykje som 180 mrd amerikanske dollar årleg i skatteinntekter på grunn av feilaktig internprising og i overkant kreativ fakturering gjort av multinasjonale selskap. Dersom desse skatteinntektene i staden hadde gått inn i statskassene og disponert etter dagens mønster, snakkar me om 350 000 færre daude born årleg. Børsregulering er på ingen måte tilstrekkeleg til åleine, men ein naudsynleg og viktig komponent for å redusera denne uakseptable utnyttinga av fattige land.
Manglande openheit handlar ogso om korrupsjon både i nasjonale styresmakter og i internasjonale selskap, og om kreativ skatteplanlegging i skjeringspunktet mellom det legale og det illegitime. Meir informasjon om kapitalstraumar vil gje investorar betre grunnlag for sine investeringsval og er viktig i nasjonale demokratiske prosessar, noko som i sin tur styrkar sjansane for meir stabile rammevilkår i til dømes mange afrikanske land. Og som dermed vil vera eit viktig bidra til å opna mange fleire marknader for investeringar av det litt mindre risikoviljuge slaget.


Oslo børs neste?
IASB og einskilde aktørar sitt argument om at dette kan vera for dyrt for selskapa å innføra, vert puslete sett opp mot dei enorme summane fattige land tapar på grunn av mangelfull informasjonstilgang. Og Norge kan faktisk med enkle grep ta viktige steg i rett retning.
Finansminister Sigbjørn Johnsen har her sjansen til å medverka til å gje fattige land større moglegheiter til å skaffa seg eigne inntekter. Som vel anvendt kan redda mange tusen unge liv. Han bør umiddelbart innføra land for land rapportering på Oslo Børs, og legga fullt trykk i arbeidet for at det same vert internasjonal rekneskapsstandard.

 

  Atle Sommerfeldt

 

 

Atle Sommerfeldt er utdannet prest. I fire år arbeidet han i Botswana. Han var generalsekretær i Mellomkirkelig Råd, før han i 1994 ble generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

(Foto Tone Langbakken/Kirkens Nødhjelp).

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no