...

07 oktober 2007

Skatt, korrupsjon og bistand

Mange uland er rike, svært rike. Likevel må dei ha bistand. Etter utbytting, korrupsjon og vanstyre sit folket att i fattigdom.

Av Terje Marøy

 

 Foto; Terje Marøy


Utbytting har utarma Sierra Leones innbyggjarar. Utan velstandsutvikling er dei truga av nye konfliktar. Diamantleitinga er for desse tre av ein halv million unge, ein draum utan innhald.

 

I gjestebolken i dag syner Kirkens Nødhjelps generalsekretær Atle Sommerfeldt kor hardt skatteunndraging råkar folk i u-land. Dette kostar liv, er hans bastante påstand. Dette er ein påstand eg trur dei fleste bistandsorganisasjonar og andre med kjennskap til maktstrukturane i desse landa kan vitne om.

To av verdas verste land å bu i, opprivne som dei er av endelause indre konflikter, er Kongo og Sierra Leone. Samstundes er dei mellom verdas rikaste, på gull. diamantar, verdfulle metall, olje og med eit klima som kunne få landbruket til å bløme. Likevel, folk slit i armod.

Sommerfeldt syner korleis multinasjonale konsern gjennom kreative rekneskap styrer inntektene frå gullkanta verksemder ut av desse landa og inn i skatteparadis. Dette kjem på toppen av reglar som gjerne i utgangspunktet er til bate for pengemakta. Kreativ rekneskapsføring vil i mange høve vera som skattesvik, altså eit alvorleg brotsverk, som styresmaktene i verdas store økonomiar har eit særleg ansvar for å rydde opp i.

Det er liten tvil om at fattigdommen som fylgjer etter utbytting tek liv. Det er eit svært alvorleg perspektiv Sommerfelt trekkjer opp.

Svært mange av desse selskapa solar seg i glansen frå internasjonale børsar, og gir store utbytte til grådige eigarar. Ein treng altså ikkje berre drive i diamant for å få blod på hendene.

 

Korrupsjon

Ei anna side ved dette uvesenet er korrupsjonen, som ikkje berre påverkar lovgjevinga i korrupte statar, men som og gir pengar direkte i lommene til dei leiande klassar. Kvifor støtte korrupte regime, seier bistandsmotstandarane, og me fyllest med forakt for "feite negrar" med forgylte palass, skjerma frå sitt eige folks armod.

Men vi i nordvest er dei som tjener best på pengestraumane ut av desse landa. Jaudå, det er flust av "feite negrar" i alle verdsdelar, og av alle fargar. Mange av desse er høgt respekterte næringslivsleiarar i våre nære industriland, sikkert og i Norge.

For korrupsjonen er heller ikkje berre eit skuldsspørsmål i u-landa. Kyniske verksemder har for fleire hundre år sidan lært at det kostar mindre å betale ein haug med dollar til nokre få, enn å gi levelege arbeidskår for lokale arbeidarar, som i neste omgang viller føre til lokal og regional vekst, som så kunne redusere trongen for naudhjelp.

Det er altså vi sjølve, her i rike vest, som gjødslar den korrupsjonen vi dømer med vanvørdnad.

 

Korrupsjonskultur

Der leiinga er korrupt, smittar korrupsjonen gjennom heile samfunnet. Det blir ein levemåte for dei som har noko å tilby. Korkje statar eller organisasjonar er ukjende med dette. Vi kjenner korrupsjon frå Statoils verksemd heime og ute, eit selskap som er ein bærebjelke i norsk økonomi. Eg er viss på at både Kirkens Nødhjelp og andre bistandsorganisasjonar både har støytt på korrupsjon i sitt arbeid, og har kvitta seg med korrupte tilsette i landa dei opererer. I slike land er det og eit sterkt korrupsjonspress frå slektningar til den som har fått eit feitt bein. Det er venta at dei utnytter stoda til beste for sin eigen familie.

Eg har sjølv sett slikt i dei beste krinsar. I UNIFIL i Libanon var eg leiar for stabskontoret i personal- og administrasjonsseksjonen, som mellom anna militærpolitiet låg under. FN forsynte oss nok til å feite oss vel ved kvart måltid. Men i den nepalesiske bataljonen var det annleis. Der fekk dei menige soldatane knappe rasjonar, medan offiseranse selde resten på lokal svartebørs. Det gjekk så langt at ved eitt høve hadde sjukestova 11 soldatar innlagt for underernæring. Den lokale amal-militsen klagde til leiinga vår over at dei ikkje orka å sjå UNIFIL-soldatar svelte.

I Armenias hovudstad Jerevan opplevde eg at levekostnadene var tilsvarande 4-500 USdollar for ein kjernefamilie. Ein politimanns løn var om lag 50 USdollar. Han måtte altså sjølv finne anna inntekt for 90 prosent av levekostnadene, oftast gjennom urimeleg bøtlegging av både landsmenn og utlendingar. Mange stader er altså korrupsjon nedover i rekkjene ein medviten strategi for det korrupte styret.

I Armenia, som i Sovjet-tida var kjent for sitt gode utdanningstilbod, var det mange born som først fekk karakterar etter at læraren såg kva gåver familien hosta opp. Slik kan eit samfunn råtne på rot.

Min påstand er at ei samfunn aldri kan kome skikkeleg på fote utan at det får bukt med korrupsjonen. Oljenasjonen Aserbajdsjan er eit slikt døme, dei fleste arabiske oljestatane like eins.

 

Bistand

Og nett i slike land driv vi bistandsarbeidet vårt. Mange blir svært frustrert, ein frustrasjon eg deler. På Stortinget i dag er det FrP som målber dei hardaste åtaka mot bistandsbudsjettet. Eg skjønar godt denne kritikken, men meiner likevel at bistand er naudsynt. Menneske er korkje ein hop, eit regime eller ein stat. Dei er einskilde individ, med same visjon og mål for sine nære som vi alle har, og med lyst til å arbeide seg fram i livet. Men i slike system er det uråd.

Bistand gjennom ideelle organisasjonar har den føremonen at den går utanom styremaktene og direkte til den einskilde mottakar. Men sjølvsagt er det berre eit utgangspunkt. I korrupsjonssamfunn vil heller ikkje bistandsorganisasjonane gå fri. Dei skal prøvast på sine prosjekt, og dei må ha interne kontrollsystem som fungerer. Det er ingen grunn for pressa til å bli så oppglødd over gode gjerningar at dei ikkje ser like kritisk på humanitær verksemd som anna verksemd. 

Så langt trur eg korrupsjon er eit marginalt problem hjå dei seriøse organisasjonane. Stigmavakta sin kritikk mot Flyktninghjelpen går til dømes ikkje på slike forhold, men på system- og leiarsvikt som i fleire år har ført til feilbruk i deira prosjekt. (Denne systemsvikten meiner NORAD er til stades i fleire organisasjoner, men vil ikkje stille kontrollspørsmål til dei ulike prosjekta som dei finansierer over bistandsbudsjettet, noko eg har teke opp med mellom andre både Stortinget og Riksrevisjonen. Kirkens Nødhjelp har tidligare svart tilfredsstillende på mine spørsmål om tilrettelegging, men også dei må sjølvsagt prøvast på sine utsegner av både media og statens kontrollverksemd).

 

Bistandsmotstandarar ...

... kan og hjelpe til i dette minefeltet. Ein kan ikkje late folk setje seg ned for å døy utan at ein freistar berge dei som bergast kan. Det er umoralsk, og eit brotsverk mot den menneskelege integritet. Men gjennom korrupsjonskamp og strengare selskapsreglar, vil det fattige sør kunne frigjere seg frå nordvestlege almisser. Ved å bistå politisk for meir rettferdig verdshandel, kan skeptikarane bidra til god og varig betring av levekåra i det som kallast fattige land. Betre levekår gir og betre marknad, om ein skulle vera oppteken av slike mekanismar. Bærekraft er fagordet for slikt.

Til sist vil eg gi lovord til dei som fører kampen mot korrupsjon. Mange er drepne, mange av dei som lever, opplever trugsmål mot seg sjølve og sine familiar. Dette arbeidet handlar og om fredsbygging. - Utan velstandsbetring, er det klassisk her i Afrika at det etter få år bryt ut nye borgarkrigar, seier advokaten Abdul Tejan Cole - korrupsjonsjeger i sentraladminsistrasjonen i Sierra Leone, inntil han nyleg valde å trekkje seg. Kvifor kan vi kanskje få greie på om han skriv gjesteinnlegg for Stigmavakta seinare.

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no