...

 16 mai 2011

17. mai - kan hende neste år?

Noreg er ein praktiserande apartheid-nasjon, der funksjonshindra både i lover, forskrifter og tilvendt praksis blir stengd ute frå aktiv deltaking i samfunnet. Det er eit faktum. Å nekte for det, ligg i same gate som å hevde at jorda er flat.

Av Terje Marøy

 

 Nokre får ikkje vera med!

 

Gjennom århundra sa jødar i diaspora dette: "Neste år - Jerusalem". Eg skal la konfliktane kring dette liggje. Utsegna gav uttrykk for ein lengt etter fridom, eit heimland å høyre til.

Eg har laga meg mitt eige mantra:

Neste år - 17. mai!

17. mai. Vår  nasjonale fridomsdag, til minne om ei norsk grunnlov som skulle sikre nasjonal fridom og sjølvstende. Men fridomenmåtte kjempast fram. Landet vart ikkje fritt før i 1905, og individuell fridom kom i bolkar. Menn var frigjort frå fyrste dag. Våre jødiske landsmenn og kvinner skulle sendast ut or landet til ein uviss lagnad. Jesuittar lik eins. Kvinner måtte kjempa sin fridomskamp i 99 år før dei fekk stemmerett, sidan sto kampen mot diskriminering i lov og haldningar.

Taterslekter vart systematisk undertrykt i frie Noreg. Homofile som levde ut legninga si vart straffa. Funksjonshindra vart isolert, nokre aktivt avliva. Omsorgsvikt sytte for tidleg død for svært mange.

 

Rasjonert fridom

Jamen, vi er då frie, og har vore det i samanhengande i 66 år, skryt vi no og tenkjer på naziregimets fall. Vi har demokratiske rettar og ytringsfridom om det meste. Vi er verdas beste land å bu i. Alt dette seirer godtruande og norske innbyggjarar uten kunnskap om nasjonens skuggeside, der dei utstøytte lever.

Jaudå, har du det bra, og ikkje veit anna, har du alle gode grunnar til å feire 17. mai. Den norske feiringa er også fin, samanlikna med andre land. Ofte feirast nasjonaldagar med militærparade. Vi har gitt dagen til borna, i Henrik Wergelands ånd. "Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange". Vår lett svulstige nasjonalsang "Ja vi elsker dette landet", får blodet til å bruse hjå nokon kvar.

Likevel. Denne festdagen som eg minnest med så mykje glede gjennom eit levd liv, har eg dei siste ni åra vald å forbigå i stille. Eg feirar ikkje nasjonaldagen lenger, fordi eg i dag veit meir. Eg har møtt både funksjonshindra og nordsjødykkarar, og eg har hatt tid til å høyre kva dei kan fortelje.

 

Lagdelt demokrati

Eit land som stengjer ute einskilde av sine borgarar, er ikkje eit sant demokrati. Eit samfunn der ikkje alle sikrast lik rett til å delta i alle delar av samfunnslivet, er ikkje fritt.

Oslo, med landets fagraste paradegate, valde å dekkje henne til med grov stein. Fin å sjå på, men ubrukeleg for rullestol, og vaklevoren for synshindra. Kor mange slike born får vera med på Slottsplassen 17. mai i år?

"Noen ganger vinner funksjonalitet, andre ganger design," sa Snøhetta den gongen gatedekket vart kritisert. Og media slo seg til tåls med deira blanke lygn. - Om fem år har steinen jevna seg ut og problemet er løyst, sa arkitektane. Slik gjekk det sjølvsagt ikkje. Sju år er gått, og framleis vinkar kongefamilien til andre enn funksjonshindra skuleborn.

 

Ufritt

Men eg skal la Karl Johan liggja i fred.

Derimot vil eg nevna mine nye vener, i eit miljø eg vart ein del av for ni år sidan. I dette miljøet fins mange som ikkje kunne feira 17. mai, fordi dei ikkje kan røre seg i eit utilgjengeleg samfunn. Dei har rett til å stå opp, men ikkje rett til å vera med i festflokken. Kan hende treng dei assistanse for å kome seg dit, og den assistansen har dei ikkje rett på.

Men 17. mai er minste problemet. Verre er det med kvardagen. For folk flest er det gode livet slike fridommer som:

  • Å studera kor eg vill
  • Å jobba med kva eg kan
  • Nyta kultur
  • Væra politisk aktiv
  • Arbeida i frivillige organisasjonar, på dugnad eller som yrke
  • Påta meg valde verv
  • Gå på bedehuset når eg vil
  • Feste når eg vil og med kven eg vil
  • Ha sex når eg vil, og innafor visse grenser, med kven eg vil
  • Reise kor eg vil, med det transportmiddel eg sjølv ynskjer
  • Eg har rett og menneskerett både etter norsk lov og internasjonale konvensjoner, forankra i våre høgste intitusjonar
  • Eg kan gå på do når eg er trengt
  • Og svært mykje meir.

Mange funksjonshindra har ikke desse rettane, med mindre dei søkjer kommunen om lov. Om dei skal få leve ut ein slik levemåte, som for oss andre er sjølvsagte goder, er opp til ein lokalt tilsett i kommunen. Deira vurdering vil sprike, frå kommune til kommune og bydel til bydel.

 

Straff eller omsorg

Eg veit om kommunar som har høge ambisjonar og god praksis for å setje funksjonshindra fri. Andre driv nærast eit korstog for å isolere funksjonshindra. Eg kan nemne åtte høgrestyrte og seks arbeiderpartistyrte kommunar i Vestregionen, mellom dei Bærum, Drammen og Kongsberg. Eg kan nemne 12K-samarbeidet i Vestfold og Kommunenes Sentralforbund - KS.

Dei går alle inn for eit samfunn som skal gi mindre rett til funksjonshindra enn andre innbyggjarar. Når folk blir isolert etter lov og dom, er det streng straff. Når funksjonshindra blir frårøva fridomen sin av ein tilsett, gjerne i nabokommunen, kallast det omsorg.

Då det same hende med svarte og brune i Sør-Afrika, heitte det Apartheid. 

Noreg er ein praktiserande apartheid-nasjon. Det er eit faktum. Å nekte for det, ligg i same gate som å nekte for at jorda er rund og går i bane kring sola.

 

BPA

Borgarstyrt personleg assistanse BPA har vore ein lovfesta rett i Sverige sidan 1994. I Norge er det opp til den einskilde kommune om denne retten skal tilbydast ein innbyggjar. Utan slik rett, vil svært mange og i framtida vera utan den fridomen som folk flest feirar 17. mai.

Alle parti på Stortinget hevdar at dei går inn for denne retten. Byråkratane i Helse- og omsorgsdepartementet, mange kommunar og KS er i mot. Dei ynskjer apartheid, og set sine ressursar inn for å verne om denne skamma.

Så lenge embetsverket får håne tanken om fridom og jamstelling, utan at politikarane tek grep, vil eg ikkje feire 17. mai.

Men kan hende ...

... neste år - 17. mai!

 

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no