...

Oppmoding:

stigmavakta.no når ikkje langt åleine. Om du tykjer om artikkelen, eller mislikar han, send lenka til fem av dine vener. Slik kan sosiale medier nyttast i politisk kamp.

Lenka er; http://www.stigmavakta.no/hXGXCm2ZjU42.6.idium

Friartikkel

Dette er ein friartikkel som kan nyttast av kven som helst utan vederlag, både i publikasjonar, bloggar og sosiale medier.

Diskuter saka her.

Terje Marøy

 ***

Kommentar:

Endeleg ein skattesiger for SV

SV saman med regjeringskameratane skrotar særfrådraget. Dei skjerpar skattane med fleire titusen kroner for funksjonshindra med store ekstrautgifter frå før. Og dei meiner at det i skattesamanheng er ein føremon å knekke nakken.

Prolog: SV vart varsla om konsekvensane i god tid før denne saka vart avgjort i Finanskomiteen. Vedtaket er ein del av partiets medvitne politikk.

Av Terje Marøy

Sosialistisk Venstreparti skjønar ikkje kvifor så mange, mellom dei eg, forlet den synkande skuta. Sorry, som det heiter på new-norsk, eg er meir oppteken av å berga passasjerane dykkar enn å fylgje med til botnen. For de har gjennom fine ord og store fakter lokka til dykk folk som treng solidaritet. Eg opplever SV som ein del av problemet i høve til dei eg står solidarisk att med.

Å skrote særfrådraget er å legge stein til børa for dei som frå før ber tyngst. Argumenta er både usanne, dregne or sin samanheng og tarvelege. Sjølvsagt kunne denne kommentaren og vore skriven om Senterpartiet og Arbeiderpartiet som har kollektivt ansvar for dette. Eg er sosialist, og vel å knytte kommentaren til mitt tidlegare parti SV, som er klårast i språkbruk om fattigdomskamp og inkluderande samfunn.

 

Tidlegare finansminister Kristin Halvosen starta verket som Sigbjørn Johnsen har fullført. Spar dei rike, flå dei fattige.
(Foto;Esben Johansen)

Borgarleg maktløyse

Den i SVs augo usolidariske borgarlege opposisjonen klarte ikkje å stogge SVs ynskje om å auka skattetrykket på kronisk sjuke, funksjonshindra og foreldre med funksjonshindra born. Når SV måtte bøye seg for å frede kaksane sin skatt ut stortingsperioden, vende dei kappa 180 grader og fann ei opning hjå folk som visseleg slit, både med skatt og andre utgifter. Det kostar or kvitauget å falle utanfor A4-samfunnet.

I skatteopplegget er det dei med størst ekstrautgifter som skal straffast hardast. For SV er det elles utenkjeleg med ei enkel justering av til dømes sjukelønsordning eller eigenbetaling for helsetenester for oss prioriterte arbeidsfolk, som ikkje har ekstrautgifter. Vi som er utan fysiologiske eller helsemessige utfordringar, og med inntekter på fleire hundre tusen. Derimot kan partiet gjerne gi 30.000 kroner i skatteskjerpe til ein normalløna funksjonshindra arbeider med 100.000 kroner i ekstrautgifter.

Detaljar i dette kan lesarane finne i  varslingsbrev til LO.

LO er splitta i saka, Det kan bli ein boomerang. Solidaritet er lite verdt om den ikkje femner andre enn eigne grupper.

Solidariske argument - usolidarisk handling.

 

SVs Inga Marte Thorkildsen, ein omvendt Robin Hood, sparar dei rike, tek frå sjuke og funksjonshindra.Truleg inne i sin førebels siste stortingsperiode om ikkje partiet finn att sjela si.

Partiet står sjølvsagt fritt til å plage kven dei vil. Grunngjevinga gjer likevel denne skatteskjerpa ekstra tarveleg. SV bruker solidariske argument for ei usolidarisk handling. I festtalar står dei opp for fattige familiar og fattige born. Irøynda knip dei att på eine etter hitt feltet, både riks- og lokalpolitisk.

SV sine svar

Inga Marte Thorildsen let SV-gruppas rådgjevar Bernt Sverre Mehammer svare på spørsmål i saka. Grunngjevinga hans er etter mitt syn ei fornærming mot tenkande menneske. Les og gjer deg opp di eiga meining:

SV skriv:

"I budsjettet for 2013 varsler regjeringen at vi legger om støtten til dem som har store sykdomsutgifter fra å gi støtte til dem som har rett på skattefradrag til å gi støtte til dem som har mest behov for dem."

Kommmentar: Særfradraget handlar ikke berre om sjukdomsutgifter, men like mykje om konsekvensutgifter. Når fleire funksjonshindra skal t.d. i arbeid, som eg har fokusert på i ordskiftet, kjem utgifter som skuldast eit utilgjengeleg samfunn. Ekstrutgifter til transport, doble utgifter over alt der ein funksjonshindra med assistansebehov rører seg. Tilpassing av eigen bustad sparar samfunnet for millionar til trygdebustad, og så vidare. Eigenbetaling av sjølstyrt personleg assistanse BPA er 24.000 kroner. BPA er einaste måten funksjonshindra med assistansebehov kan sikrast jamstelling i samfunnet. Bortfall av denne frådragsposten utgjer åleine ei skatteskjerpe på 6720 kroner. Og det fins eit utal av andre postar. Ingenting av slikt er tenkt kompensert.

SV skriv:

"På denne måten sikrer vi en mer målrettet bruk av midlene, der støtten ikke er avhengig av at mottaker betaler skatt."

Kommmentar: Vi snakkar om skattefrådrag, ikkje støtte. I oversynet eg gav i varslingsbrevet til LO var alle summane utgifter etter frådrag for støtte. Det ligg ingenting i opplegget som syner at store ekstrautgifter, og stort skattefrådrag, skal kompenserast for dei som mister frådraget. Desse kan få ei skatteskjerpe på fleire tusen kroner per månad. Kona mi har sikkert råd til dette, men ho får auka skatten med 3-4000 kroner i månaden. Fleire av hennar funksjonshindra kolleger, med langt mindre inntekt, opplever det same.

SV skriv:

"Brukerorganisasjonene er enige i at dagens skattefradragsordning fungerer dårlig."

Kommmentar: Utsegna brukt i denne samanhengen er falsk. Alle brukarorganisasjonane er mot at ordninga skrotast. Grunnen til at ordninga fungerer dårleg er at likningskontora har informert dårleg. I min telefonrunde, jfr varsling til LO, møtte eg folk som ikkje har kravd særfrådrag på grunn av feilinformasjon frå likningskontora. Ein av dei har siste ti åra truleg betalt 2-300.000 kroner for mykje i skatt. Skattesnyteri heiter slikt når feilen går andre vegen.

SV skriv:

"Omleggingen skal skje i løpet av tre år, slik at helt særfradraget er avviklet i 2015. I 2012 tas utgifter til tannbehandling, transport og bolig helt ut av ordningen."

Kommmentar: Tannbehandling skal eg ikkje kommentere. Men transport og bustad er to store postar.

Samfunnet er skeivbygd gjennom dei siste hundre åra. Me som bygde landet var dei sprekaste og bygde for dei spreke. Det har gitt hinder som funksjonshindra må betale for å klyve over. Eit segregerande kollektivt transportsystem medfører ekstra utgifter kvar dag ein rørslehindra person skal på arbeid, politisk møte, nyte eit kulturtilbod eller væra sosial. 20-40.000 kroner i meirutgifter per år er ikkje uvanleg.

Funksjonshindra er som folk flest, dei vil ikkje bu i ein trygdegetto. Difor investerer mange i eigen bustad, der byggeskikken til no har vore diskriminerande. Ombygging er dyrt. Men for kvart ombygd husvære, sparar samfunnet millionutgifter til trygdebustad. Då blir det tarveleg at dei priviligerte i samfunnet, som SVs stortingsgruppe, vil nekte frådrag for slike utgifter. Ein på ringerunda mi bygde om for over 500.000 kroner, og sparte kommunen for over to millionar i eit pressområde, men skal av SV straffast med meir enn 150.000 kroner i ekstraskatt. Regjeringa vil lempe lånereglane for slik ombygging i husbanken, og gi fleire ti-tusen mindre til å betale renter og avdrag.

Korleis skal dette kompenserast i SVs opplegg? Eg finn ikkje spor av noko løysing.

SV skriv:

"Samtidig stenges ordningen for nye brukere."

Kommmentar: Dette er diskriminering. Folk med lik bør skal med SVs velsigning handterast ulikt. Mannen som er snytt for 2-300.000 kroner, etter feilinformasjon frå skattekontoret, skal ikkje ein gong få frådraget sitt i nedtrappingstida. Truleg er dette i strid med tilgjenge- og diskrimineringslova.

Sv skriv:

"Midlene som frigjøres brukes til å styrke eksisterende tilskuddsordninger med tilsvarende formål."

Kommentar: Dette er eit propagandaknep som SV burde halde seg for god til. Partiet veit at svært mange med rett til frådrag på grunn av dårleg informasjon ikkje har fått frådrag. Partiet veit og at målet om at funksjonshindra skal delta i eit meir ope samfunn, vil føre til at desse menneskafår større utgifter knytt til funksjonsnedsetjinga si. Eit historisk lågt tal for dei alt for få skal kompensere for større reelle utgifter for langt fleire. Dette reknestykket går ikkje i hop. 

SV skriv

Etter nokre ord knytt til diagnosearbeid, som ikkje rører friske funksjonshindra med andre typer utgifter, skriv SV slik:

"Personer med store sykdomsutgifter som gruppe vil derfor ikke komme dårligere ut av omleggingen. Det vil imidlertid kunne skje en omfordeling innenfor gruppa, men det vil i tilfelle være som følge av bevisste politiske prioriteringer."

Kommentar: No er dette blank lygn. Funksjonshindra som gruppe kjem dårelegare ut. Dessutan  er det meiningslaust å snakke om gruppe i samband med frådrag i personskatt. Ein som får ei ekstrarekning på 10-30-60 tusen kroner, opplever dette som ei personleg skattebør - heilt utan omsyn til kva andre i gruppa får. Dette er falsk solidaritesargumentasjon.

Den politiske prioriteringa er at SV vil skattleggje funksjonshindra hardare. Det må dei gjerne gjere, men då får dei stå for sin eigen politikk. Ikkje gøyme seg bak ein skoddeleggjande ordflaum. So får velgjarane høve til å seie sitt om prioriteringa. 

Nakkeknekk, ein skattbar fordel

I regjeringas budsjettforslag grunngjev Finansdepartementet saka mellom anna med at mange med særfrådrag har formue over 500.000. Overfor andre - javel då - "grupper", ville det vera utenkjeleg å knyte trygde- og løneskatt til formue. Ingen, ikkje ein gong SV, vil hevde at utanriksminister Jonas Gahr Støre skal tene mindre enn andre i regjeringa fordi han har arva ein formue på fleire tital millionar kroner.

I dagens samfunn kan ingen funksjonshindra med store ekstrutgifter skaffe seg formue gjennom arbeid eller trygd. Formuen er stort sett blitt til gjennom arv eller uklukkeserstatning. Kona mi  er med i Finansdepartementes statistikk. Ho fekk erstatning etter nakkebrot i ei trafikkulukke. Erstatninga har blitt forsiktig forvalta av far hennar, som er revisor og var økonomisjef i ei større verksemd. Mesteparten vart brukt til gjeldfri bustad, som på si side sparte kommunen for eit par tre millionar kroner i trygdebustad i ski kommune.

Sidan regjeringspartnar SV brukar slikt for å grunngi skatteskjerpe, kan eg opplyse partiet om dette:

Det fins ingen økonomisk eller annan fordel av å knekke nakken.

 ***

For fleire artiklar om saka:

Rødgrønt angrep på særfradraget

Usosialt skatteforslag

Stor skatteskjerpe for funksjonshindra

Enda fleire artiklar

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no