
Godt nytt år - for alle?
Godt nytt år, er kan hende den mest ærleg meinte floskelen språket vårt har. Deretter snur vi oss rundt, og driv på nett som før. I kjølvatnet ligg dei vi kastar over bord.
Av Terje Marøy
Vel inne i anno 2012 blir framleis helsinga "godt nytt år" dagleg brukt, kvar gong vi ser ein kjenning for fyrste gong i det nye året. Maktmiljøa nyttar same ordet, sikkert og ærleg meint, til dei sjølve held fram med sitt maktmisbruk mot dei makteslause, nett som før.
Dogmatisk oppfatning av korleis ting bør vera, definert over hovudet på dei det gjeld, hindrar framsteg til beste både for den einskilde og samfunnet.
Noreg er beste landet i verda å bu i, skryt politikarane og leiarar i privat og offentleg sektor. Slik er det vel og, så lenge ein sjølv er blant dei sprekaste, og skeivbyggjer landet til beste for det priviligerte fleirtalet. Fell du utanfor, kan landinga vera både hard og brutal.
Eldre og døyande
Fyrste saka i det nye året var at to tredeler av døyande eldre, døyr åleine. Sjukepleiarane peikar på arbeidspress og gjer så godt dei kan. Men på vaktene sine møter dei i aukande grad menneske som blei åleine siste minutten av eit levd liv.
Slik skal det ikkje vera.
Innan eldretenester høyrer vi stendig om systemsvikt. Også her på grunn av eit aukande jag og knappe ressursar.
Er det sikker at dårlege system, som opnar for rutinesvikt, ikkje kan endrast?
Eg skulle gjerne skrive mykje om dette. Men eldre har til all lukke sterkare talsmenn enn eg, så får eg heller bruke min avgrensa kapasitet på andre..
Nordsjødykkarar
Dei som nyt godt av verdas beste levekår, kan takke store oljeinntekter. Desse er fundamentet for velferdsstaten. Særleg merkar vi dette no når verda rundt oss slit.

ODU-leiar Henning O. Haug, prega av ein tøff arbeidsdag i djupet, leier kampen for EMD i Strasbourg. Staten godtok eit arbeidsmiljø med 32 dagar innestengt under trykk, i eit trangt seks manns kott utan rørslefridom. Dette var forbetringa, korleis var det då ti år tidlegare?
Nordsjødykkarane var forutsetnaden for at oljeeventyret kunne starte for 40 år sidan. Alle vart dei skadde. ikkje berre det, dei vart skadde etter få år i jobben. Berre ei handfull dykkarar klarrte å stå i jobben meir enn 10-12 år. Mange fekke varige skader etter få dykk.
Offshoredykkerunionen ODU har i årevis slåss i rettsapparatet for ei erstatning. Dei vann i tingretten, men tapte i lagmannsretten og høgsterett. Saman med fagforbundet Industri Energi går no siste runde i menneskerettsdomstolen EMD. Den europeiske menneskerettskonvensjon pålegg Noreg å gripe aktivt inn når liv og helse står på spel. Hovudspørsmålet er om desse reglane også skal gjelde for nordsjødykkarane sine opplevingar.
Som bøygen
Høgsterett slo fast at samanhengen mellom dykking og skader er slik at det skal utløyse erstatning. Men domarane meiner kravet skal reisast til oljeverksemdene, ikkje til Staten, sjølv om staten både er eigar og konsesjonstildelar, og gjennom statlege selskap er hovudaktør i all verksemd der ute. - I denne saka skal ikkje staten nytte seg av eldringsfristar, skryt politikarane. Men det gjeld ikkje statseigde selskap. Dykkarane har altså krav på erstatning, men har ingen å sende kravet til.
Då kan saka berre løysast politisk for dei få det gjeld, eller som siste utveg, dom i EMD, som ingen kan seie utfallet av. I mellomtida døyr dykkarane, dei fleste av fylgjeskader, nokre for eiga hand. Eit stort tilbakeslag for saka var at mannen som samla informasjon om eksperimentdykkinga, ikkje orka meir etter tilbakeslaget i Høgsterett. Arbeidet han etterlet seg, vil likevel kome andre dykkarar til gode.
Fred over min ven, Gunnars minne!
Funksjonshindra
Noreg definerer funksjonshindra som helsekasus. Menneskerettskonvensjonen for funksjonshindra, som Noreg ikkje vil ratifisere, definerer derimot funksjonshindra med same menneskeverd og same menneske- og borgarrettar som resten av folket.

Segregering, eller rett til utdanning, arbeid, samfunnsdeltaking og sosialt liv. Dette og inkje anna handlar BPA-saka om. BPA har opna det frie liv for vår familie, andre bør få kjenne det same. Sjå Frihetsmanifest.
Når funksjonshindra organiserer fridomskamp, for å sikre grunnleggjande borgarrettar, møter dei ein motstand som gransar mot hat, i alle høve dømt ut frå presseoppslag dei siste par åra. Funksjonshindra krev rett til å yte til beste for fellesskapet, gjennom utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking elles.
Samfunnets løysingar har til no vore ulike former for segregering. Segregering er i seg sjølv eit overgrep, kalla apartheid når ikkje-funksjonshindra blir utsett for det.
Grunnen til raseriet er truleg at overgrepssystema blir administrert og gjennomført i beste meining, misvisande kalla for omsorg.
Funksjonshindra med assistansebehov har i 23 år kjempa for rett til samfunnsdeltaking gjennom fridomsverktyet sjølstyrt personleg assistanse - BPA. Helse- og omsorgsdepartementet, KS, Fagforbundet (som eg sjølv er medlem i), sterke kommunesamanslutningar har aktivt gått mot funksjonshindras rett til BPA, sjølv om dette er einaste måten desse kan oppleve goder som utdanning, arbeid, politisk verksemd, deltaking i organisasjonsliv og sosialt liv utanfor heimen.
Då funksjonshindra vann kampen om rettsfesting 14. juni i fjor, snudde motkreftene seg rundt. Dei freistar no å omdefinere BPA til sjølstyring av oppgåver knytta til heimen. Opplegget bygger på eit nasjonalt avviksregister, IPLOS, der dei i detalj registrerer menneskets svake sider, men heilt utelet kva som skal til for å leve fritt.
Fridomsmottoet til borgarrettsrørsla Independent Living er dette: Nothing about us, without us. Dagleg ser eg korleis embetsverk og kommunalt byråkrati harvar over funksjonshindras eigne prioriteringar for korleis dei vil leve livet sitt.
Ville ein kommune byggje ein idrettshall utan å høyre på brukarane? Neppe. Når dei innanfor fritidssysler er lydhøyre, korleis kan dei då sjå bort frå funksjonshindras eigne løysingar i saker som handlar om grunnleggjande borgarrettar?
Legitimert svindel
Dei som råkar ille ut i arbeidslivet eller andre akutte hendingar, dreg nytte av offentlege og private forsikringsordningar. Vi slær oss til ro med at vi er trygga mot helseskader og materielle skader. Fyrst når ulukka er ute, kjem problema.
NAV mistrur sjukehusvesenet. Lækjarar som aldri har sett pasienten, underkjenner diagnosar som kan sikra den skadde erstatning han elles har rett til. Skulle ein vera konsekvent i slike saker, burde helsetilsynet gripe inn mot feilbehandling. Men slik er det ikkje, det er berre i erstatningssamanheng at NAV vil ha endra diagnose opg årsaksforhold. Det gir inntrykk at at dei handlar med vond vilje, mot betre vitande.
Forsikringsbransjen driv forsikringssvindel i stor stil. Eg spurte ein namngjeten advokat med dette som spesialområde om det ikkje fins straffereglar mot slik omvendt svindel. -Nei, men det burde det vore, sa han.
- Snyt eg på innhaldslista etter eit frysebokshavari, blir eg politianmeldt. Kan forsdikringsselskapet snyte meg for nokre millionear i yrkesskadeforsikring, blir det fest på kontoret, sa ein nedkøyrt yrkesskadd til meg.
Eitt av våre framste forsikringsselskap har i fire år trenert saka hans i rettsapparatet. Striden har stått om sakkunnige. Dei ville ikkje godta utsegner frå lækjarane hans. Heller ikkje ville dei godta stadfestande uttalingar frå det nasjonale kompetansesenteret for slike skader. Då deira eigne utpeikte og støtta mannen, kom nye rundar med lækjarar som ikkje hadde kompetanse på slike skader. Til sist, etter nær fire år, blir partane einige i domstolane om oppnemning av sakkunnige, slik at saka kan byrje. Neste skriv, selskapet seier seg einig i kjenninga, og utpeikar ein ny sakkunnig som aldri har vore inne i biletet. Dermed fortset herva.
Mannen har vore utsett for ekstreme påkjenningar i arbeidslivet, og skadene hans er vel kjente innan hans yrkesgruppe. Fleire har alt fått yrkesskadeserstatning for tilsvarande skader. Selskapet meiner derimot at sorga etter hans døde son, er årsak til tilstanden hans, sjølv om dei medisinske fagmiljøa avviser dette. Får selskapet dom for sitt syn, kan ein oppleve at arbeidarar som opplever sorg mister rett til yrkesskadeserstatning. Slik vil vi ikjkje ha det!
Alle opplever vi sorg, og den må levast ut på personleg vis. Men å leggje slikt inn i forretningsvurderingar frå miljø, som har tatt mot forsikringspremiar (eller skatt), er eit overgrep.
Pengemakta ter seg. Det er naivt av styresmaktene å ikkje ha straffebod mot overlagte forsøk på å snyte vanlege borgararar, innenanfor privat forsikring, offentleg ordningar (NAV) og omvendt skattesvik (Skatteetaten).
Slike maktmiljø kan i dag ture fram, utan konsekvensar av nokon art.
Godt nytt år!
Om året skal bli eit godt nytt år for alle, må både kvar einskild av oss og maktmiljøa te seg godt mot kvarandre. Ein kjem langt med sunt bondevett og folkeskikk.
Gost nytt år - til alle!
***


