...

Arbeiderpartiet ved eit vegskilje

"Alle skal med" er landsmøtets slagord. Skal verkeleg alle med? Arbeiderpartiet er splitta om funksjonshindras inkludering i samfunnet.

Ta debatten her

Av Terje Marøy

For fyrste gong i historia skal spørsmålet om jamstelling for alle handterast. Kvinner er alt jamstelte. Likeins etniske og religiøse grupper. No står slaget i AP om lovfesta jamstelling for funksjonshindra.

På eine sida står Helse og omsorgsdepartementet (HOD) med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og toppbyråkratane Tor Åm og Øyvind Brandt. På andre sida står eit massivt stortingsfleirtal som vil gi funksjonshindra same rett til utdanning, arbeid, organisasjonsliv, kultur og sosialt liv som andre innbyggjarar tek for sjølvsagt. Så langt er det helseministeren og hennar byråkratar som har leiinga. Dei kan støtte seg på einskilde kommunar, som Horten og KS, sine korstog mot funksjonshindra.

I framlegget til ny kommunehelse- og omsorgslov vil desse ministeren og hoffet hennar skrote ordninga med BPA (Borgarstyrt-/sjølstyrt personleg assistanse). Utan dette verktyet vil funksjonshindra med assistansebehov vera dømt til livslangt utanforskap. Rett nok påstår ho det motsette. Men ho har omdefinert ordninga frå å vera eit fridomsverktøy for å ta samfunnet i bruk, til sjølstyrt heimeteneste; altså stikk motsett av kva funksjonshindra sjølve la vekt på då dei utvikla ordninga.

 

99 prosent

Høgskulen i Lillehammer har funne ut at 99 prosent av dei som har BPA er nøgde og svært nøgde med ordninga. Knapt noko anna reform har vore så vellukka.

På denne lekkja vitnar funksjonshindra om livet med og utan BPA.

Funksjonshindra sjølve har utvikla ordninga gjennom sitt eige ideelle og ikkje-kommersielle samlag ULOBA. I dag har omlag 2500 personar fått innvilga ordninga.

 

Regjeringskrise?

I dag er det klart fleirtal i Stortinget for BPA. Opposisjonen er samla for lovfesta rett til BPA. SV og SP er og for. Ap er delt. Regjeringas framlegg kan difor berre vedtakast gjennom partipisk mot funksjonshindra.

 

"Alle skal med", seier AP før landsmøtet. Dei neste dagane vil syne om partiet meiner det, eller om dei skil ut funksjonshindra til eit varig utanforskap.

Solidariteten i solidaritetsalternativet, det raudgrøne mantra, vil i alle høve vera stein daudt om funksjonshindra skal apartherast i det moderne velferdsnorge.

Rett nok er det slutt på at funksjonshindra blir sett bort i skogen for å døy. Kampen mot minusvariantar som hadde brei tilslutning i 30-åra, vart gradvis trappa ned utover 60-talet. Den uformelle avlivingsordninga som var praktisert i denne perioden, er no straffbar. (Historikarane våre har aldri forska på omfanget).

Kan hende er no tida komen for å gi funksjonshindra same demokratiske rettar og menneskerettar som resten av folket? Nykkelen ligg i Arbeiderpartiet, på deira landsmøte i helga.

 

Kaotisk

5. april hadde både VG og Dagbladet tankevekkjande artiklar om livet med og utan BPA. Isolasjon og liding var bytt ut med  livsglede. I dag har begge avisene artiklar om ein stendig meir isolert helseminister, både i høve til Stortinget og sitt eige parti.

VGs oppfylgjingsartikkel 6. april syner ein helseminister i strid med store delar av partigruppa.

I Dagbladets oppfylgjing 6. april, skuldar regjeringspartnar SV henne for feilinformasjon. Høgre skuldar henne for å ha lurt sine eigne.

Hennar eige lokallag har samrøystes gått inn for BPA, medan departementet har omdefinert ordninga, slik at sjølstyringa blir borte.

 

Talfusk

Stortinget har bede om kostnadsoverslag. Det har ikkje HOD gjeve dei. I staden slenger dei ut skræmsler om at BPA vil koste like mykje som eit OL - 18 milliardar, der dei viser til Sverige. Men dei har ikkje sjølve rekna på dette, og premissa er utelatne. Sverige ser og på BPA som eit demokratisk rettsspørsmål, og har ingen planar om å reversere den samme retten som HOD vil nekte norske funksjonshindra.

  • Sverige har etter skilnad i folketal fleire funksjonshindra enn Norge. Tala er dessutan reine utgifter, før innsparingar er tekne med.
  • BPA frigjer helsepersonell, assistentane er stort sette ufaglærte som skal løyse same praktiske oppgåver som vi med fulle kroppsfunksjonar løyser sjølve.
  • Mange nyttar BPA til å skaffe seg arbeid. Det sparar samfunnet for uføretrygd og gir auka skatt. Det gir ein plussverdi på eit to-sifra milliontal kroner for samfunnet i eit yrkesliv.
  • Fleire foreldre kan gå i jobb, noko som sparer sosiale stønader og gir auka skatt. Dette gir store samfunnsgevinstar og i dei høve der den funksjonshindra ikkje sjølv kan ta seg i arbeid.
  • Tradisjonelle kommunale heimetenester kan fjernast. Denne posten åleine vil langt på veg balansere utgiftene til BPA.
  • Institusjonsplassar blir redusert.
  • Funksjonshindra arbeidstakarar kan skaffe sitt eige husvære, der dei sjølve vil bu, i staden for å få tildelt eit ghetto-husvære i millionklassa.
  • Og so vidare

Det er smått utruleg at helsebyråkratiet, med statsråden i spiss, ikkje har forstått at alle budsjettpostar må balanserast med pluss og minus. ECON Analyse har synt nokre av BPAs økonomiske fylgjeverknader. Heile rapporten kan lesast her.

 

HODs verste talfusk

Det verste talfusket i HOD når dei kviskrar om kostnader bak ryggen på dei det gjeld, er at dei ikkje tek med innsparing i tradisjonelle heimetenester.

Funksjonshindra har lovpålagt rett til kommunale heimetester. Det er ein stor utgiftspost, og dessutan ineffektiv. Ordførarane i Drammen, Bærum og fleire kommunar i den såkalla Vestregionen påstår at kommunale heimetenestene berre gir 60 prosent effekt per tilsett, (grunna reise mellom arbeidsdstader og anna administrasjon).

Med BPA fell heimetenestene bort. Denne utgiftsposten åleine er langt på veg nok til å balansere utgiftene til BPA (borgar-/sjølstyrt personleg assistanse). I BPA reknast full utnytting av arbeidskrafta, utan omsyn til om tilretteleggar er kommunen sjølv, ei ideell verksemd eller eit kommersielt føretak.

 

Winston Churchill ...

... skal ein gong ha sagt at hans verste opponent er hans eigne tidlegare talar. Før vala i 2005 og 2009 sa alle parti at dei gjekk inn for at funksjonshindra skulle få lovfesta rett til BPA. I Arbeiderpartiet var det stortingsrepresentant Lise Christoffersen som målbar lovnaden. På denne sida ligg eit lydspor fra NRKs Her og NÅ som provar hennar utsegn.

 

Kven styrer regjeringa?

Denne saka syner at HOD og ein stridbar ministers standpunkt er i ferd med å overstyre både regjeringspartia og opposisjonen. Embetsstyring har til no ikkje vore ein del av maktdelingsprinsippet. Det er eit fundamentalt nederlag om embetsverket skal vinne ei sak der det står om grunnleggjande menneskerettar.

Markering

Funksjonshindra med assistansebehov, som ikkje har BPA, har ikkje høve til å demonstrere for sitt syn. Difor vil markeringa utanfor Folkets Hus i Oslo fredag klokka 0830 bli av det heller tynne slaget.

Sjølv vil eg vera der, og oppmodar fleire til å møte.

"Alle skal med", jau det kling godt, og for demonstrantar i kor.

Terje Marøy

Stigmavakta

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no