...

02 mai 2011

Erstatning til skadde veteranar

Etter meir enn 30 års trenering, er det no von for at skadde veteranar skal få erstatning. Saka syner embetsverket på sitt verste.

Debatt om saka her

Av Terje Marøy (uskadd veteran)

 

Våren 1978 vart Norbatt I sett inn i fredstryggande operasjonar i Libanon, som det norske bidraget til UNIFIL; United Nations Interim Forces in Lebanon. Cirka 21.400 nordmenn tenestegjorde i styrkane fram til 1998. Fleire vart psykisk og fysisk skadd av tenesta.

Med glasnost og perestoika vart den kalde krigen avblåst. NATO endra konsept frå vern om eigne land, til varm krig der NATOs krigsmakt kunne nyttast andre stader i verda. Enno fleire vart psykisk og fysisk skadd av tenesta.

Nokre har fått seinskader. 

At nokon vart skadd var pårekneleg, og mindre oppsiktsvekkjande enn om ingen hadde vorte det. Til no har dei bore vanskane sine sjølve, dumpa av eit embetsverk som har vore seg sjølve nok.

 

Som venta

I heile denne perioden produserte Norge ei aukande gruppe krigsskadde tenestemenn og kvinner. Til no har dei ikkje fått erstatning for dei skadene Stortinget forventa då dei ba norske ungdomar melde seg til teneste i krigssområde. Ufullstendige ordningar har rett nok blitt ei handsrekkjing til nokre av dei skadde.

 

At nokon skulle skadast var venta, og slett inga overrasking. Alltid når Stortinget sender ut soldatar, veit dei at nokre bli fysisk skadd, andre blir psykisk skadd. Stortinget veit berre ikkje kven, dagen og timen. (Foto; fra www.siops.no)

 

Stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes

... reiste ein interpellasjonsdebatt i Stortingert tidleg på 90-talet om skadde veteranar sine usle kår. I debatten var det semje frå alle parti om at soldatane skulle sikrast etter skade. Embetsverket ville det annleis.

Saka er eit døme på kor lite eit samrøystes storting får til, om embetsverket ikkje vil. Argumenta dei nytta, er eitdemokratisk samfunn uverdig.

Ei levekårsutgreiing av Veteranforbundet SIOPS (Skadde i internasjonale operasjoner) synte i 2009 tarvelege levekår for dei skadde.

 

Ingen arbeidsmiljølov

Arbeidsmiljøloven gjeld ikkje krigsteneste. Nettopp difor er det ekstra viktig å demme opp for skader ein veit vil kome, og bygge eit tryggingsnett rundt dei som ikkje slapp unna skade. Dei som gjer farleg teneste, skal ikkje ha mindre rett ein ein lærar, ein bilmekanikar eller ein byråkrat.

Ordlyden i yrkesskadeserstatningsreglane gir arbeidarar rett til erstaning for uventa hendingar i arbeidsforholdet. Denne ordlyden har dei ansvarlege, regjering og embetsverk, brukt til si eiga ansvarsfråskriving.

 

Påreknelege skader

Byråkratane under skiftande statsråder fann ut at psykisk og fysisk skade var pårekneleg i krigssoner. Difor skulle veteranane ikkje ha erstatning. Ein arbeidear som blir sendt i farleg oppdrag, skal altså ha dårlegare erstatningsrett enn ein som ikkje har yrkesrisiko å snakke om.

Meingngslaust, umoralsk - ja eg stussar over kor normalt oppegåande mennesker hentar vondskapen sin frå.

 

Frivillige

Eit anna argument har vore; dei melde seg frivillig. At ein ungdom har eit ynskje om å setje Stortingets vedtak ut i live, og kan hende bidra til ei betre verd, blir brukt av Staten til å kasta frå seg ansvar for påreknelege skader.

Risikerer du livet for å oppfylle Stortingets ynske, så får du berre ha det så godt. Du er sjøl å laste for at det gjekk gale! Eg kjem ikkje på kraftuttrykket som er rett å bruke om slikt.

 

"Mora di har skulda"

Psykisk skadde har møtt endå ei vrangside. Hvis det har vore psykisk sjukdom i slekta, har dei funne ut at vedkomande ikkje burde meldt seg til teneste.

Ein av dei eg skreiv om for 20 år sidan, og som førte til Widnes interpellasjon, hadde svært sterke opplevingar i tre av dei fyrste kontingentane i Libanon. Verst for han var å sjå born, redsla i barneaugo etter opplevingar som ingen barn skulle ha. Men denne mannen var robust, han vart gjerne plukka ut til vanskelege oppdrag, stadfesta av både troppsbefal og kolleger. Ingen kunne seie på førehand at han skulle få problem.

Det fekk han, og har slite i meir enn 25 år med ettervirkningar utan å nå fram med saka si. Forsvarsbyråkratane meiner at sidan mora hadde vore psykisk sjuk i periodar, var det sannsynleg at sonen kunne bli det uavhengig av sterke krigsopplevingar. Altså, inga erstatning.

To spørsmål reiser seg:

1. Skal slektskap stå i vegen for arbeidsval?

2. Når Staten likevel sender ut ein person, skal dei bruke slektskap som argument for å sleppe eit ansvar for skader av ein type som er vel kjent og påreknelege for folk med tilsvarande opplevingar?

Her passar eit "tvi vøre" - uttrykk for ringeakt, som eg rettar mot makta.

 

Problemstillingane ...

... blir konstruert etter ein etikk som inkje har med rettferd og velferd å gjera. Ein skulle tru at dei ansvarlege burde skjemmast over sine nedrige konstruksjonar. Men skam er ikkje den fremste kjensla på ekspedisjons- og byråsjefsnivå, eller hjå ansvarlege statsrådar.

 

No lovar ...

... statsråd Grete Faremo at skadde skal få erstatning. Eit kunstig skilje mellom eldre og nye skader blir fjerna. Det skulle berre mangle. Dei som er påført ekstra påkjenningar ved at dei over mange år har slite åleine med skadene sine, skal ikkje kome dårlegare ut enn nyskadde.

Den avgrensinga blir no fjerna. Bøygen er at trenering gjennom 30 år har fjerna mange av dei prov som erstatninga skal kvile på. No må det sikrast eit system som gjer at nettet ikkje blir for grovmaska. Det systemet må ikkje innehalde dei same folka som har synt grov uforstand i teneste desse vel 30 åra.

 

Apropos

I heile mitt vaksne liv, frå krigseglarane sine dagar, har eg høyrt politikarar seie at dette må det ryddast opp i. Kan 2011 blir året det skjer, etter at alle krigssiglarane er daude? Kan dette bli året der politikarane grip makta si og styrer, eller skal embetsmannsstyret framleis vera den rådande maktstrukturen i landet, som i dei førre 200 år?

***

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no