...

 

Bunden til sentrum

Stendig nye argument blir gjevne for å isolere funksjonshindra i det norske samfunnet. Siste er avslag på trygdebil fordi fyren bur i Harstad sentrum. I sum utviklar det offentlege Noreg undertrykkjing av ein minoritet.

Ordskifte om saka her.

Av Terje Marøy

BYRÅKRATI: Hadde ikke Henrik Nygård Nilsen bodd midt i sentrum av Harstad, ville han trolig fått handikapbil av NAV. Men på grunn av stivbente byråkrater er 38-åringen nå 100 prosent avhengig av sin elektriske rullestol. Foto: TV 2

BYRÅKRATI: Hadde ikke Henrik Nygård Nilsen bodd midt i sentrum av Harstad, ville han trolig fått handikapbil av NAV. Men på grunn av stivbente byråkrater er 38-åringen nå 100 prosent avhengig av sin elektriske rullestol. Foto: TV 2

 

Dei siste åra har arbeidet med å isolere funksjonshindra gitt seg mange forunderlege utslag. Sist ut i så måte er NAVs handtering av Harstad-mannen Henrik Nygård Nilsen. NAV vedgår at han fyller kriteria for trygdebil. Men sidan han bur i Harstad sentrum har dei definert han til ein levemåte der han ikkje treng bil.

Fleire saker; 1, 2

Dette fell inn  i eit system der folk med ulike funksjonsnedsetjingar blir definert bort som sjølvstendige individ. Det er ikkje dei sjølve, men samfunnet som skal meine korleis dei skal leve livet sitt. Den svenske menneskerettsaktivisten Adolf Ratzka, kåra av Time til ein av Europas mest visjonære, seier det slik: Eg er sjølv eksperten på korleis eg vil leve livet mitt.

(Det seier og ein heil del om norsk presse si interesse for systemundertrykking av funksjonshindra at ein ikkje finn eit einaste nyhendetreff på mannen, medan til dømes Martin Luther King jr og Rosa Parks gir hundrevis av treff. Men vi har til all lukke Google hvis vi vil halde oss orientert om menneske som Ratzka, Ed Roberts, Judy Heuman og andre menneskerettsaktivistar som har endra verda og Noreg for funksjonshindra).

 

Leve i sentrum?

NAV Troms seier dette i avslaget: «Du bor sentralt i Harstad sentrum og som uførepensjonist kan du planlegge og samkjøre dine ærend til en viss grad».

Dette markerer ei endring i regelforståinga i høve til tidlegare praksis. Om denne grip om seg, vil svært mange få innskrenka liv.

Sjølv har eg budd tre år i Harstad og kjenner byen godt. Eg minnest store snøfall. Då er det uråd å kome fram i rullestol, både i sentrum og til næraste busstoppestad. Men, kan hende fyren har eit ærend til Borkenes eller Evenes. Som elles i landet er heller ikkje Harstad og omland velsigna med tilrettelagt kollektivtransport. Ynskjer vi eit samfunn der folk skal isolerast, og eit byråkrati som skal avgjera om du skal få turar lenger enn til post og nærbutikk?

Sjølv peikar Nygård Nilsen på at turane i drosje til naudsynt fysioterpi heller ikkje er gratis.

 

Komedie

Andre som kan gå nokre steg har fått tilhengjar i staden for tilpassa bil. Det blir ei sak for Harald Eia eller andre komikarar. For det fins få parkeringsplassar, og ingen plass for funksjonshindra, som er tilpassa bil med hengjar i sentrale strok.

Då ser ein føre seg ein slik sketsj:

Ein mann (eller kvinne) på vaklande føter parkerer bilen sin på tilvist plass for blålapp. Så skal han (ho) stiga ut, setja seg i stolen og trille den ut i vegen, der illsinte bilistar raser over at vedkomande har stengt vegen. Så skal hna/ho hekta hengjaren av bilen, for å slepe den med seg gjennom snøslaps til ein parkeringsplass ein annan stad i byen. Det har ikkje stolen trekkraft til, så den funksjonshindra må gå/krype rundt med hengjar på slep.

Sjølvsagt er det berre skrivebordsfolk (i NAV og departementet) som kan tenkje seg slikt i fullt alvor. Dette er ei øving for kroppsbyggjaren i næraste treningsstudio, ikkje får ein fysisk svekka person som må nytte rullestol.

 

Mønsteret

Alt ilt kan sjøvsagt ikkje leggjast på den raudgrøne regjeringa. NAV lever ofte sitt eige liv. Men dette fell inn i eit mønster, som i sum viser at regjeringa ikkje evnar å sjå mennesket i politikken. I tillegg til det ovanfor nevnte kan eg tilføye:

  • Blir ein trygdebil påkøyrt, går forssikringspengane som den funksjonshindra sjølv har betalt for, direkte i statskassa. Eigenbetalinga på ny tilpassa bil er opp til 150.000 kroner. Blir han påkøyrt ein gong til, får han neppe råd til ny eigedel, sjølv om han er utan skuld i uhellet. Kven andre enn funksjonshindra må finne seg i at forsikringsutbetalingar blir konfiskert?
  • Funksjonshindra og kronikarar må ofte betale fleire titusen kroner, opptil meir enn 100.000 kroner ekstra i året for å leve med funksjonsnedsetjinga si. 28 prosent av dette får ein refundert i ettertid gjennom særfrådraget i sjølvmeldinga. Dette vil regjeringa skrote. Eg kjenner mange arbeidsfolk som dermed får ein skatteauke på opp mot 50.000 kroner i året. Bortfall av særfrådrag vil og råka hardt dei mange funksjonshindra på trygd.
  • Funksjonshindra sjølve utvikla ordninga med sjølvstyrt personleg assistanse BPA. Denne ordninga sikrar funksjonshindra utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking. 99 prosent av dei som har ordninga er nøgd med den. Regjeringa vil innskrenke ordninga til ei heimeteneste, noko som vil sende funksjonshindra med assistansebehov attende til isolat (heime eller institusjon).
  • IPLOS er eit dyneløfte-register som i si grove form gjer Datalagringsdirektivet til ein parentes.
  • Ny sketsj: Tenk deg ein funksjonshindra påtroppande statsråd. Om henne fins, som for andre funksjonshindra, eit IPLOS-register der ho er vurdert slik: Vaskar ho seg nedantil etter menstruasjon? Korleis tømer ho blære og tarm? Et ho på ein kulturelt akseptabel måte? Kan ho skaffe seg varer og tenester? Og mykje meir. Medan funksjonshindra sjølv vil ha kurs i arbeidsleiing for å kunne disponere assistentane sine på ein måte som gir godt arbeidsmiljø, tilbyr Anne-Grete Strøm-Erichsen kurs i intimhygiene og shopping. Medan Hanne Bjurstrøm køyrer prosjekt for å inkludere funksjonshindra i arbeidslivet, vil Strøm-Erichsen skrote assistansen som gjer inkludering mogeleg, og Sigbjørn Johnsen vil ileggje straffeskatt.

Slik kunne eg halde fram, med døme på at denne regjeringa trass pene ord utviklar undertrykkjing av funksjonshindras rett til fridom.

Om velferdsordningane i Noreg ikkje rekk til alt vi ynskjer oss, er ikkje løysinga å stengje ein del av folket ute, for at dei store vegjargruppene skal få meir.

Sjå Frihetsmanifest for funksjonshindra. Det tilviser ein ny måte å opne samfunnet for alle.

Terje Marøy

Stigmavakta

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no