...

24 Januar 2011

Ole Kopreitan er død

Han kunne blitt alt, men var tru mot kallet sitt. Kven skal fylle plassen hans?

Av Terje Marøy

 


Frå Dagsavisen.no: Slik kjenner mange Ole Kopreitan: med sitt fredsbudskap og sin vogn i Oslos gater. Foto: Scanpix

 

Dette biletet av Ole Andreas Kopreitan viser den mest kjende sida av Ole Kopreitan. Levande engasjert i alt som hadde politisk brodd. Litt original vil mange hevda, ein slik som lyste opp i landskapet, og som fekk sin del av spott og løye.Han var seg sjølv, og kjende ingen grunn til ikkje å vera det. Han var særs kunnskapsrik, og ei kjelde til inspirasjon for alle som møtte han.

På gata hadde han alltid tid til ein samtale, eg fekk og møte han fleire gonger på tomannhand. Det er møter eg har teke med meg vidare langs min eigen veg. For det var aldri tomsnakk hjå Ole. Munter og slagferdig, men alltid låg alvoret under.

Han stod for det han meinte var rett, og tok støyten for det.

 

Nei

Nei - er eit ord som Ole Kopp drog med seg gjennom livet, både i høve til atomvåpen, klasebomber og miner, Alta-utbygging, Nei til EEC og mykje anna. Det var ei tid då vi andre meinte at atomvåpen hadde noko for seg. Dei gav terrorbalanse og var så skræmande at ingen ville tenkje på å bruke dei. Då hadde vi nett gløymt at vi, det demokratiske vest, alt hadde brukt våpna. Dei utrydda alt levande i fleire kilometer frå nullpunktet i Hiroshima og Nagasaki.

Så lenge bomba fins, kan nokon vera galne og brutale nok til å bruka henne. Då den kalde krigen blæs ut, trudde vi at det skulle blir inngangen til eit slags fredeleg tusenårsrike. Ole Kopreitanen minna oss på at bomba framleis var her. Fåren for at ho skulle brukast var heller auka, i og med at den kalde krigen vart erstatte med ei rad heite krigar, som vi sjølve heiv oss på.

I anarkiet etter Sovjetunionens fall var det og stor fare for spreiding, både ved at materiale kunne seljast på svartebørs, og arbeidslause fysikarar utan tidligare privilegier kunne selje sin kunnskap.

Ingen med vit og forstand vil vera usamd med han i dag.

 

Ja

Ole Kopreitan var ingen pessimist av natur. han trudde på det gode. Drivkrafta hans var ei verd med fred, fridom likskap og brorskap.

Han sa ja til ei verd utan krig, utan atomvåpen, utan miner og klasebomber.  Han trudde på ungdomen si kraft og evne til å skape ei betre verd enn den vi i hans generasjon klarte å få til. Radikal, ja han var ungdomsradikal til det siste.

Jaudå, eldraud i unge år, sikkert og på det siste. Han var leiar av SFs ungdomsrørsle og partisekretær i SF, før SV var påtenkt. Men partipolitisk var han likevel pragmatisk og resultatorientert. Han hadde inga tru på at det kom noko godt av å stengje for debatt. 

 

Ei søyle

For meg var han eit menneske som var til stades. I den  tunge tida etter at eg nekta ordre i Libanon, og visste at arbeidsmarknaden ville vera stengt for meg resten av livet, sette han seg ned og snakka med meg. Denne mannen med dei rike evnene kunne blitt kva som helst i det norske samfunnet, om han ville fire litt på engasjementet sitt, kanskje slipe brodden av meiningane sine. Men han valde å vera tru mot livsgjerninga si.

Den gav ikkje gods eller gull, men meining med livet og sjelefred.

Kvar gong eg møtte han, gjekk eg styrkt vidare i dagen og livet. Eg hadde fått kvile eit bel, ved denne søyla av ein mann.

Med eitt av mine eigne dikt lyser eg fred over hans minne.

 


Av jord ...

Av jord er du komen
Or jord livnar alt
Den var, er og kjem
Ein ring utan byrjing
Ein ring utan ende

Svart ligg ho der
Somme stader raud
Ikkje vakker, heller stygg
Men utan den
ligg verda daud.

I den svarte mold
ei spire grøn kjem fram
Eit lite frø veks til
eit aks med tjuge fold
Mot svolt, naud og skam
blir brød eit varleg skjold

Jorda si mogne grøde
blir borna si rike føde
Av jord får dei sitt
Både store og små
Og dyr som spring fritt

I den mjuke jord
ein skog slær rot
Ei kjempe flott
blir hus, ei anna slott
Den siste smuldrar bort

Alle vaks dei fram
Alle fall dei ned
I jordas mørke djup
Vil vi alle finne fred

Sol, vatn, jord
Eit lite frø,
og det nye livet gror
Det som døydde
vart det nye livets mor

So har kan hende
alt ei meining
som kan sorg
til lukke vende
Som ei hand med ring
Når den varleg
stryk deg over kinn

Terje Marøy

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no