
18 april 2011
Vestregionen; ordførarane tykkjest feilinformert
Funksjonshindra i kommunesamarbeidet Vestregionen er redd for innskrenka sjølstyring i sine BPA-ordningar. Det seier ordførarane at det ikkje er grunnlag for. Sjølv om dei tek feil, opnar uttalingane deira for at funksjonshindra kan vinne fram med protestane sine.
Ordførarane sine svar er lagt ut nede på denne sida.
Av Terje Marøy
I ein tidlegare artikkel har eg teke for meg arbeidet med tenestekonsesjon i Vestregionen. Innbyggjarar som er tildelt BPA (Borgarstyrt personleg assistanse) fryktar at B'en, Borgar-/sjølstyringa, i ordninga blir svekka. Dette hevdar ordførarane ikkje er tilfelle.
Om så er tilfelle, tykkjest det som om ordførarane har etterspurt eit anna opplegg en det Anskaffelseskontoret har gitt dei. Dei har etterspurt BPA, tenestekonsesjonsgrunnlaget etterspør noko heilt anna. Når det er skilnad på ordføraranes gode vilje og anskeffelseskontoret anbodsgrunnlag, er det eit problem for politikarane, men mest i høve til dei som får innskrenka styring i eige liv.
Konsesjonsgrunnlaget er tilpasse lovproposisjon om BPA i ny kommunehelse- og omsorgslov. Men etter AP-landsmøtet før påske vil ikkje det framlegget bli vedtatt. Opposisjonen, SV og deler av Høgre r og mot proposisjonen på dette punktet.
Ulik oppfatning
Eg kunne vore arrogant og sagt til ordførarane; - eg veit betre enn dykk at konsesjonsgrunnlaget innskrenkar sjølstyringa. La meg heller vise til at funksjonshindra sjølv i regionen opplever nyordninga innskrenkande og har etablert ei protestgruppe mot endringane. Kommunanes eige fagorgan RO (Ressurssenter for omstilling i kommunane) er kritiske til nyordninga.
Det ideelle samvirket ULOBA i Drammen har utvikla BPA i Norge. ULOBA er eig av funksjonshindra sjølve. Desse funksjonshindra, mange i Vestregionen, har sjølve definert kva som må på plass i deira liv for at dei skal ha jamstelling, samfunnsdeltaking og Fridom i liva sine. Så langt har desse fått det i vestregionen. Dei meiner og at sjølvstyringa blir innskrenka til ulempe for personen med BPA.
At ULOBA finn inskrenkingane så alvorlege at dei ikkje søkjer konsesjon på grunnlaget som er lagt fram, bør vera ein vekkjar. ULOBA er ei ideell verksemd utan økonomiske motiv. Dei har vedtektsfesta forbod mot økonomisk utbytte. Inntjeninga deira går direkte til målsetjinga, full styring med eige liv og dernest arbeidsgjevaransvar for personlege assistentar.
I Vestregionen har samvirket om lag 180 medlemmer, og snaut 900 tilsette assistentar. Ein så stor del av verksemda blir ikkje lagt ned utan alvorleg gjennomgang og faglege diskusjonar om konsesjonsgrunnlaget. (Det attstår å sjå kva kommunane gjer med eksisterande ordningar, som er underlagt lovreglar om verksemdoverdraging på samme vilkår som ligg i ordningane i dag).
Ingen kan tru at funksjonshindra sjølve legg ned ein så stor del av verksemda si, om det ikkje var fordi opplegget øydelegge sjølstyringa.
Fridom
Det som for kommunane tykkjest å vera ei revidert kommunal teneste, er for funksjonshindra nykkelen til fridom, arbeid, samfunnsdeltaking elles, privatliv og sosialt liv. Når kommunane skal definere kva assistentane skal brukast til, rører dei ved sjølve grunnlaget for ordninga.
I staden for sjølstyring, blir det frie valet avgrensa til sjølstyring innanfor kommunalt definerte oppgåver.
Kor blir fridomen av?
Kor blir ein spontan levemåte av?
Ikkje tatt med
Problemet med konsesjonsprosessen er at han er driven fram av folk som ikkje sjølve har vore diskriminert og isolert. Dette blir som om kvite skulle endra borgarrettane i USA, utan å trekkje inn svarte i reell utforming av reglane. Innanfor ein hobby, idretten, ville det vore utenkeleg å byggje idrettsanlegg utan å trekkje inn idretten sjølv når krav til utbygginga skulle formast.
Kor mykje viktigare blir det ikkje då å trekkje inn funksjonshindra når deira rett til fritt liv skal omsetjast til praktisk handling?
Å kjøpe fridom for andre er noko heilt anna enn å kjøpe catering til ein sjukeheim, eller fordele utbyggingsoppgåver. Å kjøpe fridom for funksjonshindra, utan å trekkje inn funksjonshindra i oppdragsprosessen, kan fort resultere i ufridom. Dette har funksjonshindra i deira eige fridomslag (ULOBA) og aksjonsgruppa for Vestregionen sagt kraftig frå om.
Med alle respekt for Anskaffelskontoret i Vestregionen, byråkratane der veit lite om kva dei etterspør når det handlar om andre menneskes rett til fritt liv. Dei innskrenkande tekstane syner det.
Norsk standard
Parallelt med konsesjonsutlysinga i Vestregionen har Norsk Standard utarbeidd ei BPA-kontrakt der funksjonshindra er tekne inn i prosessen. Denne kontrakta er no ute på høyring og vil bli gjeldande for kommunane med eller utan funksjonshindras prioriteringar etter høyringsrunden.
I høyringsrunden er det svært viktig at funksjonshindra gjennom sine eigne organisasjonar og kommunale råd for funksjonshindra påverkar høyringsuttalingane for å ivareta sine interesser.
Sidan dette arbeidet er sluttført, undrar det meg at Vestregionen har hatt slik bråhast at konsesjonsøkjarane fekk tilsvarsfrist til 21. mars, utan at grunnlaget var ute på høyring hjå dei som skal leve med konsekvensane.
Dei kommersielle tilbydarane får nå konsesjon på eit grunnlag som kan vera forelde om få månader, men som bind opp funksjonshindra i fleire år framover.
Ordførarane ...
... er samrøystes i at funksjonshindra ikkje skal får dårlegare ordninger enn i dag. Dette må sjåast på som ein lovnad. Om ein ny, kommersiell aktør, skulle gripe inn i dei etablerte ordningane og endre sjølstyringa, kan kvar einskild setje seg mot dette.
Men kvar einskild av dei som nå går ut av ULOBA, tek med seg eit sett lovfesta rettar.
1. Ny arbeidsgjevar (kommunen eller kommersiell) er bunden til krav om verksemdoverdraging, stadfest av Høgsterett. Med det meinast at utvald aktør skal gi same ordning som den i dag, assistentane skal ha same løn, og det skal finnast ein reservepott for drift av ordninga - slik den einskilde har gjennom ULOBA.
2. Kvar einskild har rett til å uttale seg om vedtak som gjeld eigen person. Alt av endringar i BPA-ordninga og administrasjon kring den, er underlagt denne retten.
3. Etter kvart som kommunane nå avviklar ordningane i ULOBA, er det mi tilråding at den einskilde let kommunen sjølv overta. Det gir den einskilde kortare veg til klageorgana om innhaldet i ordningane blir endra.
Folk med vedtekne ordningar har eit vern i høve til seg sjølve. Det blir difor nye ordningar som får endra innhald i høve til det som har vore til no.
Svakt i prosessen
Uttalings- og medverknadsretten er eitt av punkta der 12Ks anbodsrunde stranda i Vestfold, noko kommuneadvokat Ivar Otto Myhre i Sandefjord sa klårt frå om. Hans uttaling vart skriven 10.09.2010 i eit notat til Råd for funksjonshemmede i Sandefjord. Han konkluderer slik: "Saksbehandlingen i VOIS i forkant av anbudskonkurransen om BPA er i strid med lov om råd for menneske med nedsatt funksjonsevne."
I staden for å tre Vestregionens konsesjonsgrunnlag ned over hovudet på funksjonshindra, burde saka blitt sendt på høyring. Dermed kunne både den einskilde, funksjonshindras organisasjonar og dei kommunale Råd for funksjonshindra kvalitetssikre grunnlaget før det vart sett i drift.
Slik saka no står, er funksjonshindra overkøyrde. Det burde og få betrevitande ordførarar til å stille seg nokre audmjuke spørsmål.
Svakare rett
For nordmenn er fridom og samfunnsdeltaking ein del av menneskerettsgrunnlaget Norge har slutta seg til. Vår menneskerett er rettsfesta i overnasjonale lover og menneskerettslova. Vår fridom er rotfest i FN, Europarådets menneskerettsdomstol - EMD og Stortinget.
Funksjonshindra må sjå at deira rett er delegert til kommunale tilsette på lågt nivå, og retten blir underlagt salderinga av kommunale budsjet. Slik skal det ikkje vera.
Det er dette kampen om lovfesta rett til BPA handlar om.
Oppfylgjing
- Ein artikkel med råd om korleis funksjonshindra kan møte det nye opplegget i Vestregionen, vil bli utvikla i påskeveka
- Fleire kommunar vurderer tenestekonsesjon. Nokre lokalpolitikarar har bede Stigmavakta om råd. Dette rådet blir lagt ut med det fyrste.
Stigmavakta har stilt ordførarane i Vestregionen spørsmål om BPA, svara fylgjer nedanfor:
***
Spørsmål til ordførarane i Vestregionen
(Kommunane Hole, Krødsherad og Sigdal har resevert seg mot tenestekonsesjonsgrunnlaget).
Innbyggernes levekår er et politisk ansvar, for de fleste av oss forankret i overnasjonale organer, Stortinget og Regjeringen. Levekår for funksjonshindra er henvist til kommunepolitikere og tilfeldige saksbehandler. Ansvaret er like fullt politisk. Derfor er det ordføreren i den enkelte kommune vi spør:
- Hvordan skal dere få kommersielle selskaper til å drive BPA for 150 kroner under kommunens selvkost, uten sosial dumping?
- Hvilke tiltak vil kommunen iverksette for å sikre funksjonshindra med assistansebehov full samfunnsdeltakelse i framtida, nå når dere innskrenker BPAs virkeområde?
Svarene blir lagt ut etter hvert som de kommer inn.
Asker
Ordfører Lene Conradi
Lene Conradi svarte på PDF-dokumenter som mitt noe amatørmessige programverk ikke får lagt ut.
Hennes svar er imidlertid i tråd med svarende fra de øvrige ordførerne.
Drammen
Ordfører Tore Opdal Hansen
• Det fremgår av artikkelen at Vestregionen dumper lønninger ved at prisen er satt 150 kroner lavere enn kommunens selvkost
som derved fører til sosial dumping og begrensninger på innhold i BPA ordningen.
Påstanden er ikke riktig.
• Artikkelen refererer til en timepris i Bærum kommune på kr 415. Dette er pris for praktisk bistand i hjemmet og ikke brukerstyrt personlig assistanse.
I prisen for praktisk bistand ligger blant annet en forutsetning om at tiden hos bruker er ca 60% av arbeidstiden, mens for
BPA forutsettes denne tiden å være 100%. Det vil si at leverandøren får betalt for all tid som assistenten er på jobb da assistenten
skal være til stede med/hos arbeidsleder/bruker.
Dette er således en vesentlig forskjell når det gjelder beregning av timeprisen for de to tjenestene.
• Nærmere om timepris for BPA i utlyst konsesjonsgrunnlag:
Timeprisen på kr 265 er beregnet ut i fra gjennomsnittlige utgifter til lønn inkl. sosiale utgifter for assistenter som yter
BPA tjenester og direkte administrasjon av ordningen i Bærum kommune, i tillegg er det 4,5% påslag på dette beløpet for indirekte
utgifter til administrasjon.
Videre vil tillegg for arbeid som foregår på kveld/natt/helg/helligdag samt sosiale utgifter tilknyttet dette, komme i tillegg
til timeprisen på kr 265.
• Artikkelen viser til at utlyst tjenestekonsesjon vil gi innskrenket ordning og fremtidige begrensninger på BPA. Det riktige
er at utlyst konkurranse ikke innebærer endring i innhold og omfang av tjenesten BPA.
Brukere skal fortsatt få opplæring i arbeidslederrollen, være arbeidsleder og motta de tjenester de har krav på, slik det
fremgår av lov og rundskriv innen området og hver brukers enkeltvedtak om tjenester. Innenfor de timerammer som kommunens
vedtak angir, kan brukeren styre hvem som skal være assistent, hva assistenten skal gjøre og til hvilke tider hjelpen skal
gis, slik det også fremgår av rundskriv for ordningen.
Det er enkeltvedtaket om tjenester som styrer utmålingen og brukers rett til tjeneste.
• Det nye er at brukere skal få valgmulighet blant tjenesteytere som er godkjente av kommunene. Det er flere tjenesteytere av BPA i markedet og kommunene plikter derfor å utlyse konkurranse.
Mvh
Tore Opdal Hansen
Lier
Ordfører Ulla Nævestad
Takk for mail vedr. BPA i Vestregionen.
Her er mitt svar:
BPA - kunngjort tjenestekonsesjon.Bakgrunn for utlyst tjenestekonsesjon i Vestregionen
Bakgrunnen for å utlyse denne tjenestekonsesjonen er at styringsgruppen/ordførermøtet i Vestregionen i april 2009 behandlet
rapporten "Brukerstyrt Personlig Assistanse (BPA). Status for ordningen og prinsipper for god organisering". Det var tilslutning
til og ble deretter fattet vedtak om å utlyse en felles konkurranse med leverandørnøytrale kontrakter og etablere fritt brukervalg
for BPA.
Formannskapene i medlemskommunene i Vestregionen har gjennom deltagelse og behandling i generalforsamlingene i 2009 og 2010 sluttet seg til arbeidet og de faglig/administrative føringer som ligger i dette.
Bakgrunnen for at saken ikke er gjenstand for en ny behandling internt i den enkelte medlemskommune er at det ikke foreligger
endringer i innhold og omfang av tjenesten, men kun mulige endringer i noen leverandørers rammebetingelser.
Brukere skal fortsatt få opplæring i arbeidslederrollen, være arbeidsleder og motta de tjenester de har krav på, slik det
fremgår av lov og rundskriv innen området og hver brukers enkeltvedtak, herunder at brukeren kan styre hvem som skal være
assistent, hva assistenten skal gjøre og til hvilke tider hjelpen skal gis, slik det også fremgår av rundskriv for ordningen.
Det er enkeltvedtaket om tjenester som styrer utmålingen og brukers rett til tjeneste.
Det nye er at brukere skal få valgmulighet blant leverandører/organisasjoner som er godkjente av kommunene. Det er flere leverandører/organisasjoner i markedet som tilbyd BPA og kommunene plikter derfor å utlyse konkurranse.
Arbeidet i regi av Standard Norge
Vestregionen/medlemskommunene kjenner godt til det pågående arbeidet som, etter henvendelse fra bransjen, skjer i regi av
Standard Norge. Kommunene ser frem til å få dette arbeidet til høring.
At dette arbeidet pågår er også vurdert i Vestregionens arbeid med utlysing av tjenestekonsesjonen. Kommunene vil tilpasse
seg evt. endrede statlige føringer som gjelder BPA-tjenesten slik det gjøres for øvrige helse-og sosialtjenester.
Vennlig hilsen
Ulla Nævestad
Ordfører, Lier kommune
Øvre Eiker
Ordfører Ann Sire Fjerdingstad
Svar fra Øvre Eiker kommune vedr BPA ordningen.
* Det fremgår av artikkelen at Vestregionen dumper lønninger ved at prisen er satt 150 kroner lavere enn kommunens selvkost
som derved fører til sosial dumping og begrensninger på innhold i BPA ordningen.
Påstanden er ikke riktig.
* Artikkelen refererer til en timepris i Bærum kommune på kr 415. Dette er pris for praktisk bistand i hjemmet og ikke brukerstyrt
personlig assistanse.
I prisen for praktisk bistand ligger blant annet en forutsetning om at tiden hos bruker er ca 60% av arbeidstiden, mens for
BPA forutsettes denne tiden å være 100%. Det vil si at leverandøren får betalt for all tid som assistenten er på jobb da assistenten
skal være til stede med/hos arbeidsleder/bruker.
Dette er således en vesentlig forskjell når det gjelder beregning av timeprisen for de to tjenestene.
* Nærmere om timepris for BPA i utlyst konsesjonsgrunnlag:
Timeprisen på kr 265 er beregnet ut i fra gjennomsnittlige utgifter til lønn inkl. sosiale utgifter for assistenter som yter
BPA tjenester og direkte administrasjon av ordningen i Bærum kommune, i tillegg er det 4,5% påslag på dette beløpet for indirekte
utgifter til administrasjon.
Videre vil tillegg for arbeid som foregår på kveld/natt/helg/helligdag samt sosiale utgifter tilknyttet dette, komme i tillegg
til timeprisen på kr 265.
* Artikkelen viser til at utlyst tjenestekonsesjon vil gi innskrenket ordning og fremtidige begrensninger på BPA. Det riktige
er at utlyst konkurranse ikke innebærer endring i innhold og omfang av tjenesten BPA.
Brukere skal fortsatt få opplæring i arbeidslederrollen, være arbeidsleder og motta de tjenester de har krav på, slik det
fremgår av lov og rundskriv innen området og hver brukers enkeltvedtak om tjenester. Innenfor de timerammer som kommunens
vedtak angir, kan brukeren styre hvem som skal være assistent, hva assistenten skal gjøre og til hvilke tider hjelpen skal
gis, slik det også fremgår av rundskriv for ordningen.
Det er enkeltvedtaket om tjenester som styrer utmålingen og brukers rett til tjeneste.
* Det nye er at brukere skal få valgmulighet blant tjenesteytere som er godkjente av kommunene. Det er flere tjenesteytere av BPA i markedet og kommunene plikter derfor å utlyse konkurranse.
Ann Sire Fjerdingstad
Ordfører
Øvre Eiker kommune
Svelvik
Ordfører Knut Erik Lippert
Eg får ikkje lagt ut Knut Erik Lipperts svar som er i PDF-format. Men det ligg i same lei som dei andre.
***
Oppklaring
I artikkelen om tenestekonsesjon skreiv eg at priskravet i konsesjonsgrunnlaget låg under Bærums og Drammens sjølkost, og nytta deira eigen pris for heimetenester for uttalinga; 415 og 412 kroner.
Dette forklarer ordførarane med at heimetenester berre er 60 prosent effektive, medan BPA ikkje har slikt produktivitetssvinn.
Eigenbetalinga i BPA blir rekna ut frå desse prisane, i Drammen har kommunen rabattert sjølkost. Når kommunane sjølv no seier den er for høg, og eigenbetaling ikkje skal overstige sjølkost, kan det reisast refusjosnkrav. Det er urimeleg at funksjonshindra som har vald BPA og ikkje har produktivitetssvinn, skal betale som for meir uproduktive tenester for andre i kommunen.
Overbetalinga blir skilnaden mellom faktisk BPA-pris og kommunal sjølkost.
I Drammen er eigenbetalinga 354 kroner
I Bærum er eigenbetalinga 415 kroner.
Dei andre kommunane har ikkje opplyst eigen pris, men vist til Drammen og Bærum. Så skilnaden i desse kommunane kjenner eg ikkje.


