...

25 november 2010

Avretting av homofile

FN fjerna i førre veke uttrykket "seksuell orientering" frå ein FN-resolusjon som forbyr avrettingar grunna diskriminering.

Ordskifte om saka HER.

Av Terje Marøy

 

Det er ikkje meir enn 38 år sidan vi sjølve avkriminaliserte homofili. Legninga blei avdiagnostisert nokre år seinare. I dag er homofile korkje kriminelle eller sjuke, her hjå oss. I fleire aust-europeiske land har homofili vore straffbart opp til vår tid. Europarådet har løyst dette i vårt område, ved å krevja lovendring før medlemskap.

På sikt vil slike lovendringar endre haldningar. Men framleis er homofile, funksjonshindra og andre grovt diskrimiert i dagleglivet både her heime og ute. Den kristelege motorsykkelbanden Holy Riders, nekta for eit par-tre år sidan medlemskap for kristne homofile på motorsykkel. Om regelen er endra no veit eg ikkje, men HR-presidentens løyner ikkje sine eigne haldningar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Om homofiles rettskamp i Norge

Karen-Christine "Kim" Friele - ei av vår tids viktigaste kvinner i kamp for menneskeverd og menneskerett.


Avrettingar ...

... er likevel mange steg bortanfor kvardagsdiskrimineringa. Difor er det tragisk at lobbyistar, ei muslimsk gruppe denne gongen, klarte å endra ordlyden i FN-resolusjonen som skal verne menneske som i utgangspunktet blir diskriminert i verda.

Resolusjonen skal verne folk mot avretting på diskriminerande grunnlag. I sluttfasen av arbeidet blir ordet "seksuell orientering" bytt ut med uttrykket "diskriminering av noko slag".

 

Definisjonsmakta

"Diskriminiering av noko slag" dekkjer moderne rettstilstandar. Framleis er det ikkje lov å avrette folk på homofilt, etnisk, religiøst eller funksjonelt grunnlag. Men ved å endre ordlyden, har FN sleppt frå seg definisjonsmakta. I mange religiøse retningar, både kristne og muslimske, er homofili definert som ei grov synd. Grove synder skal straffast. Og mange kjenner seg kalla til å gje Gud, den øvste domaren for dei som trur slikt, ei hjelpande hand.

Forfylgjing av homofile er altså ikkje diskriminering i manges augo, men ei religiøs plikt!

Fleire afrikanske land går inn for så strenge straffer for homofili at dødsstraff er med i diskusjonen. Uganda er eitt av fleire døme på dette. Her må ein vera vaken, både med protestar og vilkår knytt til pengestøtte.

 Homohat på frammarsj i Afrika

Homofili blir demonisert av ugandiske fundamentalistar. FOTO: TREVOR SNAPP / AFP

 

Haldningar

Eiit er formelle lovar og reglar. Noko anne er haldningane i folket. Lov endrar åtferd, endra åtferd endrar haldningar. Det er ein lang prosess frå gode lover til fråvær av diskriminering. Det ser vi i vårt eige samfunn. I aust-europa, som gav lovvern seinare, ser vi oppbløming av hatvald mot dei gruppene som loven skal sikre.

Kampen for likeverdet må difor førast på mange arenaer. Sjølv vaks eg opp i ein pinsevenntradisjon. Homofobien der var det ein kan kalle ekstrem. Predikantane nøydde seg likevel med å overlate homofile til evig tortur, dei kjende ikkje trong til å ta saka i eigne hender.

 

FN-fella

Hjå oss er FN eit mantra for det gode i verda. Slik er det sjølvsagt ikkje FN er ein møteplass driven av medlemslanda, som tek sine svarte sider med seg. Difor ser ein både mishandling, korrupsjon og overgrep i FNs eigne rekkjer. Organisasjonen er ikkje betre enn summen av medlemstatane.

Likevel er samlinga av alle desse motsetnadene verdfull i seg sjølv. Dette er einaste arenaen der alle regime snakkar saman. FN-resolusjonen skal vedtakast på ny om to år. Før den tid må mykje gjerast, både for å sikre homofile i denne to-års-perioden, og for å endre ordlyden ved neste korsveg.

Eksempel på religiøs fanatisme i Norge ...

... IDAG

 

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no