...

12 november 2010

Færre terrorvåpen, men kanhende norsk dobbeltmoral?

Vi er mot klasebomber. Samstundes stiller vi ikkje vilkår for vår eiga krigsdeltaking.

Av Terje Marøy

 

Nyvinninger i kampen mot klasebomber

På det første statspartsmøtet i Laos’ hovedstad Vientiane presenterer Norsk Folkehjelp banebrytende nye metoder for destruksjon og rydding av klasebomber.

Nyvinninger i kampen mot klasebomber

Per Nergaard, leder for mineavdelingen i Norsk Folkehjelp

Foto; Norsk Folkehhjelp

 

I desse dagar blir det første statspartsmøtet mot klasebomber arrangert i LAOS. Norsk Folkehjelp reknast som kan hende verdas fremste miljø for fjerning av miner og klasebomber på tidlegare krigsmarker. Dei er tilstades på møtet.

Så langt har 108 land signert forbodet mot klasebomber, og 46 land har ratifisert traktaten som forbyr bruk, produksjon, lagring og overføring av klasebomber. Berre i vertslandet Laos døyr vistnok 300 mennesker kvart år som fylgje av klasebomber slept for 40 år sidan. Talet på skadde er ikkje kjent, men er truleg det mangedobla.

Alvorlege funksjonsnedsetjingar i uland gir gjerne mykje liding, fylgjeskader og tidleg død, utan at det blir registrert.

 

Den norske haldninga ...

... er i utgangspunktet krystallklår til desse våpna. Me likar det ikkje bomber, som Valgjerd Svarstad Haugland sa då KrF-regjeringa var med på bombing av Serbia i 1999, mellom anna med klasebomber i stort omfang.

Vår viktigaste allierte, USA, er mellom dei statsmaktene som ikkje har slutta seg til forbodet.

Difor ser eg dobbeltmoralen like under yta. Vi har klare standpunkt, men stiller ikkje krav i høve til desse haldningane.

 

Frekt

I Afghanistan er samlinga av viljuge statar med i ein krig der premissa er lagt av USA. Frå å vera ein krig mot terror, som no er tapt, har grunngjevinga endra seg. Ein hovedgrunn er no å stå solidarisk med allierte vi sjølve treng hjelp frå, om krigen skulle flytte seg til norsk jord.

Alliert solidaritet er eitt. Men vilkårslaus solidaritet, som i våre siste krigar, er haldningslaust å vera med på. Og det er frekt av allierrte å vente norsk deltaking på premiss som strid mot norsk politikk.

Vi er mot klasebomber, men klasebomber er brukt både i Serbia/Kosovo og Afghanistan.

Vi er mot tortur, men tortur er nytta i Aghanistan av dei vi har tiltrudd ansvar for våre eigne fangar.

Eg skal ikkje gå inn på alle dese tilhøve i ein artikkel som handlar om klasebomber.

 

Terror

Når vi godtar bruk av klasebomber, godtar vi og terror som reiskap i kampen mot terror. Det set oss på same nivå som terroristane.

For eitt veit vi. I same augneblinken som vi slepp ei klasebombe, med 200 sprengemner, vil dei fleste bli øydelagte når dei støyter mot bakken eller målet. Men nokre, frå eit par prosent, til nærare 30 prosent i vanskeleg terreng, blir liggjande udetonert i fleire årtier.

Desse udetonerte småbombene er ikkje meint for militære føremål, men skal terrorisere sivile i fleire generasjonar. Dette veit vi skjer, vi veit berre ikkje kven som blir drepen, eller kor tid. Altså like tilfeldig som ei terrorhandling. - Slik er det slett ikkje tenkt, vil både Jonas Gahr Støre, Grete Faremo og tidlegare statsrådar protestere.

Neivel, men slik er det.

 

Vilkårslaus ...

... krigsdeltaking gir oss medansvar for den krigføringa vi er ein del av. Ein kan ikkje seie; at dette eller hint gjeld USA, det gjeld ikkje oss. Vi er eitt, og vi blir med rette sett på som eitt av våre motstandarar.

Slik sett blir sjølvmordsbombarar i sivile område berre ei anna side av same sak, der vi allierte nyttar våre terrorvåpen.

Eller er det slik at vi har stilt vilkår utan å bli høyrt? Utan at det har fått konsekvensar for ellierte som er frekke nok til å krevje deltaking på slike premiss?

Eg berre spør. Faremo eller forsvarssjefen må kunne svare.

Sjå elles "Krig er politikkens fallitt", om ein feilslegen strategi i Afghanistan, skriven i romjula 2001. http://stigmavakta.no/hXGXBT2BzI5J.6.idium

Sjå debatt

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no